Karbonatitt

magmatisk bergart

Karbonatitt er intrusive eller ekstrusive vulkanske bergartar som inneheld meir enn 50 % karbonatmineral.[1] Karbonatitt kan forvekslast med marmor og det kan trengast geokjemisk undersøking for å skilje dei.

Karbonatitt frå Jacupiranga i Brasil. Denne steinen består av kalsitt, magnetitt og olivin.
Karbonatittlava i Ol Doinyo Lengai-vulkanen i Tanzania.

Hovudmineralet er som regel kalsitt, CaCO3, men nokre inneheld hovudsakleg andre karbonat som dolomitt eller ankeritt. I enkelte resente lavaer kan ein òg finne natriumkarbonat. Det er mange økonomiske viktige metall som er knytt til karbonatitt, som niob, lantanoidar, thorium, jern, titan, kopar, samt mineral som apatitt og fluoritt.

I Noreg finn ein karbonatitt i Fensfeltet ved Ulefoss i Telemark.

KjelderEndra

  1. Bell, Keith (editor) (1989) Carbonatites: Genesis and Evolution, London, Unwin Hyman