Ferdinand de Marsin
Ferdinand, comte de Marsin (eller Marchin) (10. februar 1656–9. september 1706) var ein fransk general og diplomat, som var marskalk av Frankrike.
Ferdinand de Marsin | |
| |
Fødd | 10. februar 1656 |
---|---|
Fødestad | Liège |
Død | 9. september 1706 |
Dødsstad | Torino |
Rang | marskalk av Frankrike |
Konfliktar | Niårskrigen, Den fransk-nederlandske krigen, Den spanske arvefølgjekrigen |
Liv og virkeEndra
Han var fødd i Liège som son av John Gaspar Ferdinand de Marchin, Comte de Granville og Marie de Balzac d'Entragues.
Marsin tente i Flandern og vart skadd i slaget ved Fleurus i 1690. Han tok del i slaget ved Neerwinden og omleiringa av Charleroi.
I 1701–1702 var han fransk ambassadør i Spania.
I den spanske arvefølgjekrigen var han til stades ved slaget ved Luzzara. Han vart marskalk i 1703, etter slaget ved Speyerbach. I 1704 vart han slått i slaget ved Blenheim, i lag med Tallard, og vart dødeleg skadd under slaget ved Torino. Han vart sett i fengsel i same by og døydde nokre få dagar seinare.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Ferdinand de Marsin» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Biography of Ferdinand comte de Marchin