Ferenc Puskás

Ferenc Puskás (2. april 192717. november 2006) var ein ungarsk fotballspelar, fødd og død i Budapest. Han var den aller beste spelaren på det fabelaktige landslaget til Ungarn som i tida 1950-56 imponerte all fotballekspertise. Puskás skåra 84 mål på 85 landskampar for Ungarn i perioden 1945–56. Han var sentral då Ungarn vann OL-gull i 1952, då Ungarn slo England 6–3Wembley i 1953 og då laget overraskande tapte VM-finalen 1954 mot Vest-Tyskland med 2 mot 3 mål. Tapet var Ungarns fyrste på over fire år.

Ferenc Puskás
Ferenc Puskás (cropped).jpg
Fødd 1. april 1927
Budapest
Død

17. november 2006 (79 år)
Budapest

Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Ferenc Puskás på Commons
Ferenc Puskás i 1954


Puskás spelte på Budapest-laget Kispest Honvéd frå 1943 til 1956, eit lag han vann fem nasjonale seriemeisterskap med i tida 1950 til 1955. Då Sovjetunionen invaderte Ungarn hausten 1956, rømde Puskás landet. Han signerte i 1958 kontrakt med den spanske storklubben Real Madrid og vart dei neste åra spansk seriemeister fem gonger. Både i 1959 og 1960 var han med på å vinne Europacupen. I 1960-finalen, då Real Madrid vann heile 7-3 over Eintracht Frankfurt, skåra Puskás fire av måla og lagkameraten Alfredo Di Stéfano dei tre andre. Totalt skåra Puskás 156 mål på 180 kampar for det spanske meisterlaget.

I 1962 fekk Puskás spansk pass og var med i Spania sin tropp til fotball-VM i Chile. Han spelte fire landskampar for Spania, utan å skåre.

Puskás kom i 1960 på andreplassen i kåringa av Årets spelar i Europa. Han la fotballskoa på hylla i 1966.

KjelderEndra