Fotballkampen England–Ungarn (1953)

Fotballkampen England–Ungarn (1953) var ein internasjonal vennskapskamp mellom herrelandslaga til England og Ungarn. Kampen vart spela på Wembley stadion 25. november 1953 framfor 105 000 tilskodarar.[1] Det ungarske laget nytta innovative taktikkar og ein formasjon engelskmennene ikkje hadde kjennskap til, og vann til slutt kampen 6–3. Kampen førte til at britiske fotballtrenarar byrja å sjå til det europeiske fastlandet for nye impulsar, og kom til å påverka utviklinga av engelsk fotball i fleire tiår frametter.[2] I ettertid har oppgjeret vorte kjend som «hundreårskampen» (Match of the Century).[3]

Ungarsk veggmåleri i Budapest til minne om sigeren over England.

BakgrunnEndra

UngarnEndra

Allereie på 1910- og 1920-talet hadde den innovative engelskmannen Jimmy Hogan vore trenar for klubblag i Austerrike og Ungarn og lagt grunnsteinen for ein fotballkultur tufta på læring og utvikling.[4] På slutten av 1940-talet hadde fotballtrenaren Márton Bukovi, som var hovudtrenar i ungarske MTK, vidareutvikla den vanlege W-M-formasjonen som Arsenal-trenar Herbert Chapman hadde popularisert på 1930-talet. I staden for å spela med ein fysisk spiss på topp, nytta han ein djuptliggande spiss som ved å spela djupare nede på banen skapte rom for vingane å laupa i. På dette viset vart W-M-formasjonen gjort om til ein slags M-M-formasjon.[5]

Etter den andre verdskrigen vart Ungarn ein del av dei kommunistiske austblokklanda og bygte opp eit sterkt lag under leiing av landslagssjef Gusztav Sebes, som nytta formasjonen Bukovi hadde utvikla.[6] Sebes meinte at det var ein fordel at spelarane kjende kvarandre, og sytte for at stammen i laget vart rekruttert frå Budapest-klubben Honvéd. Dessutan valde han spelarar som var fleksible og kunne spela på fleire plassar. På denne måten kunne dei undervegs i kampen gjera raske posisjonsbyte.[7]

 
W-M-formasjonen som engelskmennene nytta.

Det taktiske nybrottsarbeidet førte til at det ungarske landslaget gjekk inn i ein gullalder. I 1952 vann ungararane OL-gull etter å ha slege Jugoslavia 2–0 i finalen som vart spela på Olympiastadion i Helsingfors, og sjefen i det engelske fotballforbundet, Stanley Rous, vart så imponert over innsatsen til det ungarske laget i leikane at han føreslo ein vennskapkamp mellom England og Ungarn det komande året.[8]

EnglandEndra

Medan ein andre stader i verda vart stendig meir oppteken av dei taktiske sidene ved spelet, heldt engelskmennene fast på W-M-formasjonen der ein ved hjelp av snøgge vendingar av spelet gav vingen høve til å koma opp i høg fart slik at han ved hjelp av individuell dugleik kunne dribla seg forbi dei tri forsvarsspelarane.

I tillegg var spelarar og trenarar skeptiske til nytten av taktiske instruksar før kamp. Vingspelaren Stanley Matthews forklårte til dømes nederlaget i fotball-VM 1950 med at dåverande landslagstrenar Walter Winterbottom freista å gje taktiske instruksar før kamp: «Det var ein manglande vilje til å vinna i det engelske laget. Eg legg skulda for dette på taktikkpraten før kampane som vart innført for fyrste gong av trenaren [Walter Winterbottom]. Ein kan berre ikkje fortelja stjernespelarar om korleis dei skal spela og kva dei skal gjera på banen i ein landskamp. Eg har lagt merke til at desse førkamps-instruksane har vorte meir og meir langdryge medan evnene til spelarane på banen har vorte dårlegare. Så eg seier at me skal kutta ut pratet og be laget spela sitt naturlege spel».[9]

Med unnatak av eit tap mot IrlandGoodison Park i 1949 hadde England aldri tapt ein kamp på heimebane mot ikkje-britisk motstand, og dei hadde aldri vorte utklassa av eit motstandarlag.[10] Ein tok det rett og slett for gjeve at England som den moderne fotballens opphavsland var det beste laget, og såg på nederlaget i VM i 1950 – den fyrste verdsmeisterskapen dei deltok i – som eit tilfeldig uhell, mellom anna ved å peika på at Stanley Matthews fekk ordre om å spela ein oppvisningskamp i Canada, og difor gjekk glipp av opningskampen mot Brasil.[11]

Før kampenEndra

15. november 1953, ti dagar før kampen på Wembley, nytta det ungarske laget engelske fotballar i ein kamp mot Sverige i Budapest. Laget spelte dårleg, og klarte berre uavgjort 2–2. Etter kampen var reaksjonen i ungarske aviser negativ, og grunna det dårlege resultatet endra Sebes reiseplanane til laget. I staden for å flyga til London, valde han å taka toget til Paris og spela ein oppvarmingskamp mot fabrikklaget til Renault, der Sebes hadde arbeidd før krigen. Ungarn vann kampen 18–0, og høgrebacken Jenő Buzánszky har i ettertid fortald at denne kampen styrkte moralen i laget.[12]

Det engelske laget hadde på si side vanskar med uttaket av laget. Berre tri spelarar var igjen av laget som hadde knust Italia 4–0 i 1948, og Tom Finney var ute med skade. I tillegg var tidlegare landslagsspelarar som Wilf Mannion og Tommy Lawton ikkje lenger ein del av landslaget. Tottenham Hotspur-spelaren George Robb kom inn for Finney på venstrevingen, medan Blackpool-spelaren Ernie Taylor tok plassen på høgre midtbane mellom lagkameratane Stanley Matthews og Stan Mortensen. Førebuingane til England hadde ikkje vore stort meir imponerande enn Ungarn sine. I oktober spelte dei uavgjort mot eit «resten av verda»-lag med spelarar som Gunnar Nordahl i startoppstellinga etter ei sein utlikning, før dei vann 3–1 over Nord-Irland. Kampen mot «resten av verda»-laget gav eit førevarsel om kva som skulle koma, av di verdslaget hadde nytta Nordahl som ein djuptliggjande midtspiss og dimed klarte å forvirra det engelske forsvaret.[13]

Jamvel om dei ungarske spelarane etter eige utsegn var nervøse før kampen, var dei langt meir framskridne enn engelskmennene på mest alle område. Medan oppvarminga til det engelske laget stort sett inneheldt eit par tilfeldige utstrekningar og nokre ballspark mot målvakten mellom stengene, hadde Ungarn ein energisk oppvarmingsrutine. Utstyret til ungararane var òg meir moderne enn det engelskmennene nytta. Den engelske lagkapteinen Billy Wright har seinare fortald at han la merke til at dei ungarske spelarane hadde på seg lette fotballsko som var lågskorne nede ved oklane. Han snudde seg mot Stan Mortensen og sa: «dette skal gå greitt, Stan. Dei har ikkje eingong skikkeleg utstyr».[14]

KampenEndra

Fyrste omgangEndra

Ungarn skårte det fyrste målet berre 45 sekund inn i kampen. József Bozsik spelte ein eitt-to pasning til Zakariás, gjekk fram og sende ei pasning til Nándor Hidegkuti. Han var ikkje markert, og fekk tid til å snu, gå forbi Harry Johnston og plassera eit skot rett i krysset frå like utanfor boksen. Gong på gong fekk Hidegkuti ballen på midtbanen med tid til å røyva på seg og skapa farlege situasjonar. Seinare skreiv Johnston i sjølvbiografien sin om kor hjelpelaust ute av stand han var til å gjera noko for å endra kampbiletet.[15]

 
Den ungarske startellevaren før avspark på Wembley: Puskás, Grosics, Lóránt, Hidegkúti, Buzánszky, Lantos, Zakariás, Czibor, Bozsik, Budai, Kocsis.

I det 11. speleminuttet fekk Ungarn eit mål feilaktig annullert, og nokre minutt seinare utlikna Jackie Sewell for England. Hidegkuti skårte endå ein gong, før Ferenc Puskás skårte sitt kanskje mest kjende mål: Sándor Kocsis vann ballen djupt og la han opp til venstrevingen Zoltán Czibor, som fauk nedetter høgresida av banen og gav ballen til Puskás på kanten av femmeteren. Puskás dempa ballen og drog han tilbake med knottane då den engelske lagkapteinen kom stupande inn i ei takling. Medan Wright låg att i graset small Puskás ballen i nettet bak målvakten Gil Merrick. Seinare endra eit frispark frå Bozsik retning og gjekk i mål, før Mortensen reduserte like før pause og sytte for at poengtavla viste 4–2 ved ferdigspelt fyrste omgang.[16][17] Jamvel om England hadde klart å skåra to mål, hadde Ungarn dominert banespelet dei fyrste 45 minutta.[18]

Andre omgangEndra

Bozsik skårte igjen rett etter pause, før Hidegkuti fullførte hat-trick-et sitt med ei dugande volleyavslutning på eit innlegg frå Puskás. Den seinare engelske landslagssjefen Alf Ramsey, som på den tida spelte for Tottenham Hotspur, reduserte på eit straffespark og fastsette sluttresultatet til 6–3, men ifylgje Jonathan Wilson er det ingen tvil om at ungararane godt kunne ha vunne med eit endå større resultat dersom dei ikkje hadde roa ned tempoet i kampen i andre omgang, då dei i lange periodar spelte ball medan dei engelske spelarane jaga fånyttes mellom dei. Ingen tvilte på at ungararane var overlegne, og ifylgje Jenő Buzánszky vilje sigeren vore endå større dersom midtbanemannen József Bozsik hadde vore i kampform.[19][20]

Pasningane og rørslene til ungararane var ikkje spesielt raske eller komplekse, men av di engelskmennene spelte med eit så fastbunde og rigid system verka spelet til ungararane ufatteleg. Dei var ikkje stort raskare eller mykje betre teknisk, men spelte ifylgje Jonathan Wilson på ein langt meir intelligent måte. Midststopparen Buzánszky var seinare klår på at det ungarske laget vann på grunn av taktikken: «Kampen var ein trefning mellom to formasjonar, og, som så ofte skjer, vann den nyare og meir utvikla formasjonen».[21]

KampdetaljarEndra

25. november 1953: England 3–6 (2–4) Ungarn
Laget til England:

Trenar:

Jackie Sewell   13'
Stan Mortensen   38'
Alf Ramsey   57'
Nándor Hidegkuti   1'   20'   53'
Ferenc Puskás   24'   27'
József Bozsik   50'
Laget til Ungarn:

Innbytar:

Trenar:

Wembley stadion, London
Tilskodarar: 105 000

InnverknadEndra

Ifylgje professor Matthew Taylor var tapet for Ungarn kanhenda det største slaget engelsk fotball nokon gong har opplevd. Samstundes peikar han på at det snautt kan seiast å vera noko underleg bak resultatet viss ein berre ser på dei sportslege tilhøva. Trass i ein del imponerande resultat, som til dømes sigeren over Italia i 1948, hadde England ofte tapt kampar på bortebane, og strevd med å vinna kampar på engelsk jord. Som allereie nemnd tapte engelskmennene for Irland i 1949, og tidleg på 1950-talet unngjekk ein såvidt det var å tapa kampar på heimebane mot Jugoslavia, Austerrike og Frankrike. Samsundes var Ungarn olympiske meistrar, og det ungarske laget var rekna som eit av dei beste laga i verda på den tida.[22]

 
Manchester United-trenar Matt Busby var ein av dei som innsåg at ein laut tevla med europeiske lag for å halda fylgje med nye idear. Her er dei såkalla «Busby Babes» i Danmark i 1955.

Sume har peika på rolla til den engelske pressa for å forklåra det engelske overmotet i forkant av kampen. Denne forklåringa går ut på at dei engelske avisene overtydde den engelske ålmenta (inkludert spelarane sjølve) om at England kom til å vinna kampen. Den austerrikske sportsjournalisten Willy Meisl skildra dette som «igno-arrogansen» til engelskmennene, som i mange tiår hadde «ignorert dei openberre faktaa om europeisk og internasjonal fotball».[2] Med tapet for Ungarn (attåt eit endå verre tap i Budapest i mai 1954, då engelskmennnene tapte 7–1) vart fåkunna i den engelske fotballen berrsynt for alle. Ein journalist i The Times kunngjorde at England ikkje lenger kunne kalla seg ei fotballstormakt, medan sportsjournalisten Arthur Hopcraft sa det på denne måten: «Det viste seg at me likevel ikkje kunne spela fotball betre enn alle andre land. Me var langt frå å kjenna til alt som var å vita om spelet, og låg fleire år tilbake».[2]

Seks av dei 11 engelske spelarane som var på banen denne dagen fekk ikkje fleire kampar for det engelske landslaget. Mellom dei var Alf Ramsey, som skulle få sin revansje som landslagssjef for laget som tok VM-gull 13 år seinare.[23] Det engelske fotballforbundet flytta fokus mot lagbygging på eit internasjonalt nivå, og tufta til dømes eit ungdomslag for å auka tilvoksteren av nye talent. Etter tapet for Uruguay i kvartfinalen i Fotball-VM 1954 fekk landslagssjef Walter Winterbottom dessutan meir tid til å trena med landslaget før internasjonale kampar, og med tilskot av unge spelarar som Manchester United-talentet Duncan Edwards og Fulham-spelaren Johnny Haynes, gjekk det engelske landslaget utan tap mellom november 1955 og november 1957.[24]

Etter den ungarske leksjonen innsåg fleire britiske trenarar at dei måtte sjå utanfor eigne grenser etter nye impulsar. Den skotske Manchester United-trenaren Matt Busby var mellom dei fyrste, og gjekk inn for å få sin klubb med i Europacupen som tok til midt på 50-talet – trass i at fotballforbundet var sterkt imot deltakinga.[25] Don Revie, som trente Leeds United til cup- og seriegull på 1960- og 70-talet, tok i bruk metodar inspirert av det ungarske laget.[26] Då Alf Ramsey vart engelsk landslagssjef i 1963 kravde han full styring over laguttaket (som før det tidspunktet vart avgjort av ein komité), og då England vann fotball-VM 1966 danna tri West Ham-spelarar (Bobby Moore, Geoff Hurst og Martin Peters) ein viktig del av stammen i laget på ein måte som delvis kan minna om korleis Honvéd danna stammen i det ungarske laget frå 1953.[27]

KjelderEndra

  • Lote, A. (2013, 25. november). Tidenes fotball-leksjon. NRK. Henta frå https://www.nrk.no/sport/fotball/tidenes-fotball-leksjon-1.11364001
  • Taylor, M. (2013). The Association Game: A History of British Football (reprint). London: Routledge.
  • Wilson, J. (2013). Kampen som endret engelsk fotball for alltid. Josimar. Henta frå http://magasin.josimar.no/artikkel/105
  • Wilson, J. (2018). Inverting the Pyramid: The History of Soccer Tactics (2. utg.). New York: Bold Type Books.
  • Wilson, J. (2019). The Names Heard Long Ago: How the Golden Age of Hungarian Soccer Shaped the Modern Game. New York: Bold Type Books.

FotnotarEndra

  1. Lote, A. (2013)
  2. 2,0 2,1 2,2 Taylor, M. (2013), s. 210
  3. Fjellbirkeland, T. (1974). Fra Puskas til Pelé. Oslo: Aschehoug. s. 10. ISBN 8203061877. 
  4. Wilson, J. (2019), s. 36
  5. Wilson, J. (2018), s. 87
  6. Wilson, J. (2018), s.88
  7. Lote, A. (2013)
  8. Wilson, J. (2019), s. 312
  9. Wilson, J. (2013)
  10. Wilson, J. (2018), s. 86
  11. Wilson, J. (2013)
  12. Wilson, J. (2019), s. 315
  13. Wilson, J. (2019), s. 315-16
  14. Wilson, J. (2019), s. 316-17
  15. Wilson, J. (2013)
  16. Wilson, J. (2013)
  17. Wilson, J. (2019), 317
  18. Wilson, J. (2019), s. 317
  19. Wilson, J. (2019), s. 318
  20. Wilson, J. (2013)
  21. Wilson, J. (2013)
  22. Taylor, M. (2013), s. 209-10
  23. Lote, A. (2013)
  24. Taylor, M. (2013), 210-11
  25. Lote, A. (2013)
  26. Mourant, A. (2003). Don Revie: Portrait of a Footballing Enigma (s. 32). Edinburgh: Mainstream Publishing.
  27. Lote, A. (2013)

BakgrunnsstoffEndra