Ferribybåtane
Ferribybåtane (Ferriby boats) er tre bronsealderbåtar laga av samansydde eikeplankar som har vorte funne i Ferriby i East Yorkshire i England. Dette er eit av få båtfunn frå denne tidsepoken i Storbritania. Det er eldste funnet av båtar laga ved samansying av plankane i Europa. Båtborda er samansydde av vidjer laga av barlind.
Den første båten, Ferriby Boat 1, var funnen i 1937. Båtdelen som vart funnen var 1,7 m breid og 13,17 m lang. Plankane var for det meste 3–4 tommar tjukke. Denne båten har vorte datert til mellom 1880 og 1680 f.Kr.
Ferriby Boat 2 som vart funnen i 1940 er datert til mellom 1940 og 1720 f.Kr.
Den tredje som vart oppdaga i 1963, er den eldste, og datert til omlag 2030 f.Kr.
Det har vorte laga replika av Ferribybåtane.
Kjelder
endre- Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, side 48-49, PAX FORLAG A/S, OSLO 2022, ISBN 978-82-530-4310-4
- Denne artikkelen bygger på «Ferriby Boats» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2022.
Den engelske artikkelen oppgir desse kjeldene:
- Wright, Edward (1991). The Ferriby Boats: Seacraft of the Bronze Age. ISBN 978-0415025997.
- Ferriby Heritage Trust. «ferribyboats.co.uk». Information on the Bronze Age boats found at North Ferriby, East Yorkshire, England, UK. Henta 2. januar 2007.