Barlind
Barlind
Barlind
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Barlind
Utbreiinga av Barlind
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Nakenfrøingar Gymnospermae
Klasse: Coniferae
Familie: Barlindfamilien Taxaceae
Slekt: Taxus
Art: Barlind T. baccata
Vitskapleg namn
Taxus baccata

Barlind (europeisk barlind, vitskapleg namn Taxus baccata) er eit særs seintveksande, alltid grønt og giftig bartre i barlindfamilien.

Kjenneteikn endre

Treet kan ha ein eller fleire stammer, eller vekse som ein busk. Høgda er vanlegvis ikkje meir enn 10 meter, men i somme høve opp til 20 meter. Nålene sit i spiral kring kvisten og er mjuke, flate, lansettforma og mørkegrøne, med glinsande overside og matt underside.

 
Hannrakler.
 
Nåler og modne (raude) og umodne konglar, òg kalla frukter. Fruktkjøtet er i røynda eit omdanna kongleskjell som veks ut frå stilken og etter kvart legg seg kring mesteparten av frøet, men utan å skjule det heilt, slik det går fram av fotografiet.

Konglane, ei kjøtfull frøkappe som for barlind òg vert kalla frukter, har berre eitt einaste 4-7 mm langt frø. Fruktene er 8–15 mm store, modne etter 6–9 månader, ikkje giftige og med ein søtleg smak som fuglar set pris på. Frøet i frukta går uendra gjennom fuglen, slik at trea vert spreidde til nye område ved hjelp av fuglane. Sjølv om fruktene ikkje er giftige, er frøet inni og heile resten av planten giftig.[1]

Utbreiing endre

I Noreg veks barlind vilt i spreidde førekomstar i traktene kring Mjøsa og Oslofjorden og nordover i kyststroka til Hjørundfjorden på Sunnmøre, der ein har registrert den nordlegaste førekomsten i Europa. Elles finn ein barlind i heile Europa, i Nordvest-Afrika, Nord-Iran og Sørvest-Afrika.

Barlinda veks langsamt, men blir til gjengjeld svært gammal. Ingen andre europeiske treslag når ein så høg alder som barlind. Nokre kjende gamle tre er Fortingall Yew i Skottland, som kan vera opptil 5000 år gammalt, Ashbrittle Yew i England på rundt 3000,[2] Alte Eibe i Balderschwang i Bayern i Tyskland, rekna for å vera opptil 2000 år gammalt,[3] og Caesarsboom i Lo i Belgia, som ein reknar med er over 1000 år.[4]

Bruk endre

Av alle europeiske nåletre har barlind den tyngste, mest elastiske og mest haldbare veden. Difor har den gjennom alle tider vore svært ettertrakta som virke til våpen og reiskap. Særleg viktig er det at veden er både hard og sterk og samtidig bøyeleg. Barlind har heilt frå dei eldste tider av den grunn vore ettertrakta som virke til pilbogar, pilar og spyd. Ein av verdas eldste bevarte menneskeskapte gjenstandar av tre er eit barlindspyd frå Clacton i England. Det er over 400.000 år gammalt, the Clacton Spear. Ismannen Ötzi, som levde for meir enn 5300 år sidan, vart funnen med  ein boge av barlind. I middelalderen var barlind det mest brukte treslaget i dei engelsk langbogane, noko som førte til til massiv avvirkning og nær på utrydding av barlinda i Storbritannia. Så nær var sambandet mellom treet og våpenet at ordet for barlind kunne også bety pilboge og bogeskyttar.

Barlindveden er hard og blir svært vakker ved polering og blir til liks med treslaget benholt nytta til finare snikkar-, dreie- og treskjerararbeid og til til musikkinstrumentet. I svartpolert form har virket jamvel vorte kalla ibenholt. Men trass i alle sine verdfulle eigenskapar blir ikkje barlind dyrka i skogbruket. Til det veks treet for sakte. Mange kultiverte variantar av barlind er planta i private og offentlege parkar og botaniske hagar. Det veden som kjem på marknaden i dag, kjem i hovudsak derifrå.

Tidlegare vart barlindkvistar med sine dekorative raude «bær» og glinsande eviggrøne bar mykje brukt til dekorasjonar og kransebinding. I rikssalen på Eidsvoll 1814 var det hengt opp girlander av barlind. Barlind var så ettertrakta til pynt at det gikk hardt ut over bestanden.

Kulturhistorie endre

Treet måtte ha hatt ei særleg betydning for dei gamle germanarane, for det trettande teiknet i det eldste runealfabetet, som oppstod kring 100 år e. Kr, heiter īha eller īwa, det germanske ordet for 'barlind'. Det ser slik ut: ᛇ. Kva lyd dette teiknet stod for er omstridd, vanlegvis blir det rekna som ein slags i- eller e-lyd, i lydskrift skrive slik: ï. I norrønt er teiknet det sekstande i alfabetet og ser slik ut: ᛦ. Det heitte ýr, som er det norønne ordet for barlind.

Frå det felles opphavet har ordet har utvikla eg til ulike former i dei germanske språka. Ordet fanst i gammaltysk som ibe og i moderne tysk heiter det eibe, som framleis er ordet for barlind. Dette ordet forsvann i norsk, men det er restar av det i stadnamn. I Norden finst ordet i svensk som ide (forelda ) og i dag som idegran (barlind). I gammalengelsk fanst det som ēoh som i moderne engelsk har utvikla seg til yew, som i dag er det engelske namnet på barlind. I norrønt (gammalnorsk og islandsk) utvikla ordet seg til ýr. Det har gått tapt i norsk, men det finst rester av det i stadnamn (Ydal, Idalen).

I norrøn mytologi bur guden Ull i Ydalar, som betyr barlindsdalane. Det fremste våpenet hans er bogen, og han var ein framifrå bogeskyttar. Difor er han knytt til barlinda. Det er også teoriar om at verdstreet Yggdrasil ikkje var ein ask, men ei barlind. Det treet som representerte Yggdrasil i Uppsala i heiden tid, skal i følgje kjeldene ha vore vintergrønt slik som barlinda er.

Barlind vart brukt til gravkransar, og vi finn den ofte på kyrkjegardar. Det har vorte hevda at det har symbolsk meining. Sidan treet levde så lenge var det ei påminning om evig liv. Ei anna tolking er at det stod for atterføding og oppstode frå døden. Barlindgreiner som ligg på bakken, slår lett rot og spirar på nytt. Sidan greinene på barlinda likna palmegreiner, kunne dei også brukast i feiringa av palmesøndag. Meir pragmatiske forklaringar på at det er så mykje barlind på gamle kyrkjegardar, er at det var ein lettvint måte å få bøndene til å halde dyra sine borte frå kyrkjegarden på. Barlind er giftig, og dyr som åt av barlind stod i fare for å bli forgifta.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Giftinformasjonssentralen
  2. John Stokes and Donald Roger, The Heritage Trees of Britian & Northern Ireland Constable (2004).
  3. «Die 2000-jährige Eibe», balderschwang.de
  4. «Westpoort en Caesarsboom» Arkivert 2008-09-20 ved Wayback Machine., www.lauka.be

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Barlind