Vidje
Vidje er mjukt og seigt plantemateriale,[1] som ein kvist eller ei rotrenning, som er brukt til fletting og binding. I førindustriell tid var vidje eit utbreidd materiale som kunne brukast til reip, tønneband, gjerde, korger, fiskereiskapar som teiner og ruser, båtbygging og båtutstyr, skibindingar og truger.

Foto: Truls Erik Dahl
Ordet «vidje» kan også tyda vier,[1] og vierplantar som selje og piletre har vore mykje brukt til vidjer. Ei anna utbreidd kjelde er rotskot frå bjørk.[2]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Fotnotar
- Denne artikkelen bygger på «Vidje» frå Wikipedia på bokmål, og «Vidja» frå Wikipedia på svensk den 27. juni 2018.