Festningen geotopverneområde
Festningen geotopverneområde er eit verneområde på Svalbard oppretta ved forskrift av 26. september 2003 med heimel i lov av 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard.
Formålet med fredinga er å ta vare på eit område med verdifulle geologiske og kvartærgeologiske førekomstar, herunder Festningsprofilet, eit av Svalbards mest kjente og komplette geologiske referanseprofilar.
Verneområdet omfattar det nordvestre hjørnet av Nordenskiöld Land på Svalbard. Geotopvernområdet utgjer om lag 14 km² landareal (inkludert brear og ferskvatn) og ca. 3 km² marint areal på gardsnummer 16 på Svalbard.