Mats Israelsson, kjend som Fet-Mats, var ein gruvearbeidar som forulykka i Falu gruva i Falun i 1677].[1][2]

Fet-Mats si grav med teksten: Åt minne av gruvdrängen Mats Israelsson vilken omkom under arbete i Falu gruva 1677.

Fet-Mats vart fødd i Svärdsjö og Boda by som den yngste sonen til Israel Kelsson. Faren døydde medan Mats var i barneåra, og den eldste broren fekk ansvaret for familien.

I 1719 oppdaga arbeidarane ved gruva ein daud mann i ei vassfylt sjakt i ein del av gruva som ikkje hadde vore i bruk på lang tid. Mannen såg ikkje ut til å ha vore daud veldig lenge. Dette var eit mysterium ettersom ingen person var sakna.[3] Då kroppen vart vist fram, kjende ei kvinne, Margareta Olsdotter, att kroppen som hennar trulova som hadde forsvunne i mars 1677, 42 år tidlegare. Kroppen til Fet-Mats hadde blitt bevart av den naturleg veksande koparvitriolen i gruva.

Kroppen vart stilt ut i ein glasmonter i Stora Kopparberget i 30 år for så å bli gravlagt i Kopparbergs kyrka den 21. desember i 1749. Under omlegging av golvet i byrjinga på 1860-talet fann ein restane av Fet-Mats og han vart på ny stilt ut i ein glasmonter til han i 1930 til slutt vart gravlagt på kyrkjegarden.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • 1898 - Fet-Mats eller den förstenade grufarbetaren : sann händelse från Falu grufva
  • 1997 - Oväntat återseende : en novell om Fet-Mats
  • 2005 - Fet-Mats : en gruvdrängs hemska öde ISBN 91-631-6834-0

Kjelder endre

Fotnotar
  1. http://www.fet-mats.se/
  2. http://www.bisysslor.se/fetmatsstory.htm
  3. Engström, Björn: Daniel Westlings anor från Svartnäs - Med kulturhistoriska utblickar i byar och miljöer under 700 år, Björn Engström, 2010. ISBN 978-91-633-6885-1.