Øyar i Firth of Forth
Øyane i Firth of Forth er ei lita øygruppe aust i Skottland. Firth of Forth ligg mellom Fife og Lothian. Det er få øyar på austsida av Skottland, og dei fleste av dei ligg i denne gruppa.
Av øyane i gruppa finn ein:
- Bass Rock
- Craigleith
- Eyebroughy
- Fidra
- Inchcolm
- Inchkeith
- Inchmickery
- The Lamb
- med North og South Dog Islands på kvar side.
- Isle of May
I tillegg finn ein
- Cramond Island (tidvassøy som er ein del av Almond-estuaret)
- Inchgarvie (ein del av Forth jernbanebru)
- Rosyth Castle, på ei tidlegare tidvassøy
Ingen av øyane har mange innbyggjarar og berre få av dei har permanent busetnad i det heile. Det var tidlegare ein landsby på Isle of May og det har vore kloster, eremitasjar og festningsverk på dei andre øyane. Sidan mange av øyane har forstavinga «Inch-», vert dei stundom omtalte i eit ordspel, «How many inches is the Forth?», som spelar på at 'Inch' (Innis), er det gæliske ordet for «øy» og inch, som er eit lengdemål.
Øyane er delt inn i to grupper, dei i den indre delen av fjorden, nær Edinburgh, Leith og South Queensferry på sørsida og Burntislandog Aberdour på nordsida (i Fife), samt dei utanfor East Lothian, særleg nær North Berwick og Gullane
Fjorden er eit viktig naturområde. Øyane i Firth of Forth har status som Special Protection Area, særskildverneområde, og her hekkar over 90 000 sjøfugl kvart år. Det er eit fugleobservatorium på Isle of May.
Øyane like utanfor fjorden
endreEit par øyar ligg òg like utanfor Firth of Forth, mellom anna Inchcape, som er eit farleg skjer.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Islands of the Forth» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2010.