Opna hovudmenyen

Fiksdal er ein tettstad i Vestnes kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på vestsida av Tomrefjorden, ved utlaupet av Fiksdalselva, og har 244 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Fiksdal
tettstad
Panoramic view over Fiksdal village in autumn - Vestnes kommune, Romsdal, Norway 16-10-2012.jpg
Utsyn over Fiksdal
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Vestnes
Areal 0,33 km²
Folketal 244 (2017)
Folketettleik 739 / km²
Postnummer 6394 FIKSDAL
Wikimedia Commons: Fiksdal

Tettstaden har grunnskule og daglegvarebutikk. Sør for bygda står Fiksdal kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1866.[1]

Nedskriven historie for Fiksdal spenner attende til 1600-talet. Ifølgje Rekdal[2] har folketalet stige jamnt frå om lag 60 i år 1600, til 216 i år 1840. Seinare steig folketalet raskare, og låg på 650 personar i 1900. I 1960 var folketalet 707 personar.

Bilete frå FiksdalEndra

KjelderEndra

  1. «Fiksdal». Store norske leksikon. 12. januar 2016. Henta 1. mai 2018. 
  2. Rekdal, Olav (1899-1981) (1977). Gards- og slektshistorie for Vestnes - Tresfjord. [Vestnes]: Vestnes kommune. ISBN 9788299311625.