Fakkel i astronomi
(Omdirigert frå Filament i astronomi)
Ein fakkel i astronomi eller fotosfærisk fakkel er eit område på soloverflata som er ljosare enn fotosfæren. Ein ser dei som regel omkring solflekkar og er best synlege nær solranda. Kromosfæriske faklar er flekkar eller nettverk av ljose områder i kromosfæren, synlege i hydrogen- og kalsiumlys. Dei lyse elementa av kromosfæriske fakler vert ofte kalla flocculi.
Dei lange, mørke, trådliknande strukturane som viser seg på monokromatiske bilete av sola vert kalla filament.
Kjelder
endre- «Fakkel: astronomi», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014