Filip av Orléans

(Omdirigert frå Filip II av Orléans)

Filip av Orléans (2. august 167423. desember 1723) var ein fransk prins som var son av Filip av Frankrike, hertug av Orléans, Monsieur og nevø av Ludvig XIV. Han virka som regent for Ludvig XV i tida då Ludvig var mindreårig frå 1715 til 1723.

Filip av Orléans

Verkeleg namn Philippe Charles d'Orléans
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 2. august 1674
Saint-Cloud
Død

2. desember 1723 (49 år)
Versailles

Yrke kunstsamlar, militær
Språk fransk
Tittel Regent av Frankrike
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Philippe d'Orléans
Mor Elizabeth Charlotte av Pfalz
Ektefelle Françoise-Marie de Bourbon
Partnar Charlotte Desmares, Florence Pellegrin, Leonore (?), Marie Louise Madelaine Victorine le Bel de La Bussiere, Marie-Madeleine de Parabère, Louise-Charlotte de Foix-Rabat, comtesse de Sabran
Filip av Orléans på Commons

Filip gifta seg med kusina si Françoise Marie de Bourbon, Mademoiselle de Blois 9. januar 1692. Ho var dotter av Ludvig XIV og Madame de Montespan og den yngste legitime dottera (légitimée de France) til Ludvig. Filip og Françoise-Marie fekk åtte barn.

Han vart ofte historisk omtalt som le Régent.

Barn endre

Ektefødde
  1. Marie Isabella d'Orléans (17. desember 1693-17. oktober 1694), døydde som barn
  2. Marie Louise Élisabeth d'Orléans (20. august 1695-21. juli 1719). Gift med Charles av Frankrike, hertug av Berry, hadde ingen barn som vaks opp.
  3. Louise Adélaïde d'Orléans (13. august 1698-10. februar 1743). Døydde ugift som abedisse av Chelles.
  4. Charlotte Aglaé d'Orléans (20. oktober 1700-19. januar 1761). Gift med Francesco III d'Este, hertug av Modena, hadde barn som vaks opp.
  5. Louis d'Orléans, hertug av Orléans (4. august 1703-4. februar 1752). Gift med markgrevinne Johanna av Baden-Baden, hadde barn som vaks opp.
  6. Louise Élisabeth d'Orléans (11. desember 1709-16. juni 1742). Gift med Ludvig I av Spania, hadde ingen barn som vaks opp.
  7. Philippine Élisabeth d'Orléans (18. desember 1714-21. mai 1734). Trulova med infante Carlos av Spania, hadde ingen barn som vaks opp.
  8. Louise Diane d'Orléans (27. juni 1716-26. september 1736). Gift med Louis François de Bourbon, hadde barn som vaks opp.
Uektefødde

Philippe fekk fleire barn utanfor ekteskap. Han vedkjende seg fire av dei:

  1. N, bâtarde d'Orléans (fødd ca. 1688), gift med Henri de Charency
  • Med Florence Pellegrin, kalla la Florence, dansar ved Operaen:
  1. Charles de Saint-Albin, kalla l'Abbé d'Orléans, erkebiskop av Cambrai, legitimert i 1706 (1698-1764)
  • Med Marie-Louise Madeleine Victorine Le Bel de La Bussière, kalla comtesse d'Argenton, madame d'Argenton eller mademoiselle de Séry (1684–1748), adelskvinne som var hoffdame for hertugmpora av Orléans, dotter av Daniel Le Bel de La Bussière og kona Anne de Masparant:
  1. Jean Philippe, kalla le Chevalier d'Orléans (28. august 1702-16. juni 1748)
  1. Philippe Angélique de Froissy (1702–15. oktober 1785)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Filip av Orléans