Filippus Simonsson

Filippus Simonsson eller Filip Simonssøn (ca. 11801217) var baglarkonge frå 1207 til 1217.

Filippus Simonsson
Fødd1180-åra
Død1217
Horten kommune
LandNoreg
FarSimon Kåresson
EktefelleKristin Sverresdatter

Filippus var systerson av biskop Nikolas Arnesson. Etter at Erling Magnusson Steinvegg døydde i mars 1207 vart Filipus baglarane sitt kongsemne. Mellom han og birkebeinane sin konge, Inge II Bårdsson, kom det til forlik i 1208. Riket vart delt i tre. Filip skulle få Opplanda og ein del av Vika, men ikkje kongsnamn. Filip skulle få gifta seg med kong Sverre Sigurdsson si dotter Kristin. Forliket var inngått på Kvitsøy i Rogaland fylke hausten 1208. Av dette kjem namnet «Kvitsøyforliket».

Striden mellom baglane og birkebeinane i borgarkrigstida var då over, sjølv om det endelege forliket kom fyrst i 1217. Då Filip døydde i 1217 vart etterfylgjaren Håkon IV Håkonsson hylla av både baglarane og birkebeinane.

Kjelder

endre