Erling Steinvegg
(Omdirigert frå Erling Magnusson Steinvegg)
Erling Magnusson Steinvegg var baglarane sin kandidat til å vera norsk konge. Han var baglarkonge i tida frå 1204 til 1207. Etter deira meining var han son av kong Magnus V Erlingsson. Baglarane fekk stønad av danskekongen Valdemar II Sejr. Kong Valdemar møtte i Tunsberg med stor krigsflåte. Erling Steinvegg bar jernbyrd for å visa at han var av kongeleg ætt. Baglarane sette seg i Vika kring Oslo, og gjorde hærtog opp mot Nidaros. Erling Steinvegg døydde i mars 1207, og Filippus Simonsson fekk rolla som nytt kongsemne for baglarane.
Erling Steinvegg | |||
Fødd | 12. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Død | 1207 | ||
Barn | Sigurd Ribbung |
I borgarkrigstida var det vanleg at fleire kongssøner kjempa mot kvarande om makta i Noreg.
Sigurd Ribbung, som Ribbungane hadde som kongsemne, var rekna som son av Erling Steinvegg.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |