Filmen Harry Potter og Mysteriekammeret
Harry Potter og Mysteriekammeret er ein fantasy-film frå 2002 regissert av Chris Columbus og basert på romanen med same namn av J.K. Rowling. Det er den andre filmen i Harry Potter-serien, skrive av Steve Kloves og produsert av David Heyman. Filmen handlar om Harry Potter sitt andre år på Galtvort, der Smygards arving opnar Mysteriekammeret og slepp laus eit dødeleg monster som forsteinar skulen sine elevar. Daniel Radcliffe spelar Harry Potter og Rupert Grint og Emma Watson spelar Harry sine bestevener Ronny Wiltersen og Hermine Grang. Det er oppfølgjaren til Harry Potter og de vises stein og forgjengaren til Harry Potter og fangen fra Azkaban.
Regi | Chris Columbus | ||
---|---|---|---|
Forfattar(ar) | Michael Barnathan, David Barron, Chris Columbus, Mark Radcliffe | ||
Produsent(ar) | David Heyman | ||
Manus | Steve Kloves, J.K. Rowling | ||
Basert på | Harry Potter og Mysteriekammeret | ||
Medverkande | Daniel Radcliffe, Warwick Davis, Rupert Grint, Emma Watson, Kenneth Branagh, Alan Rickman, Fiona Shaw, Julie Walters, Maggie Smith, Robbie Coltrane, Richard Griffiths, Jason Isaacs, Richard Harris, Tom Felton, Bonnie Wright, Christian Coulson, Chris Rankin, Mark Williams, Sean Biggerstaff, Harry Melling, Matthew Lewis, David Bradley, Joshua Herdman, Robert Hardy, Gemma Jones, Shirley Henderson, Edward Randell, Alfred Enoch, Devon Murray, Sally Mortemore, Oliver Phelps, James Phelps, Jamie Waylett, Miriam Margolyes, John Cleese, Heather Bleasdale, Martin Bayfield, Geraldine Somerville, Adrian Rawlins, Alfred Burke, Gemma Padley, Toby Jones, Luke Youngblood, Hugh Mitchell, Scott Fern, Jim Norton, Les Bubb, Danielle Tabor, Daisy Bates, Edward Tudor-Pole, Julian Glover, Leslie Phillips, David Holmes, Emily Dale, Louis Doyle, Jamie Yeates, Sean Cronin, Eleanor Columbus | ||
Klipp | Peter Honess | ||
Musikk | John Williams | ||
Sjeffotograf | Roger Pratt | ||
Produksjonsselskap | Heyday Films, 1492 Pictures, Warner Bros. | ||
Distributør | Warner Bros., Netflix | ||
Utgjevingsdato | 3. november 2002,[1][2][3] 14. november 2002 (Tyskland),[4] 4. desember 2002 (Frankrike), 26. februar 2003 (Venezuela), 15. november 2002 (USA), 22. november 2002 (Brasil), 23. november 2002 (Japan), 28. november 2002 (Argentina), 29. november 2002 (Spania) | ||
Lengd | 161 minutt | ||
Opphavsland | Storbritannia, USA | ||
Språk | engelsk | ||
Budsjett | 100 US-dollar | ||
Inntening | 879 793 867 US-dollar (verdsfemnande),[5] 262 641 637 US-dollar (USA)[5] | ||
Sjanger | fantasyfilm, eventyrfilm, barnefilm, romanfilmatisering |
Handling
endreHarry blir send opp på rommet sitt medan familien Dumling får besøk av ein potensiell klient til onkel Wiktor. På rommet sitt finn Harry husnissen Noldus, som åtvarar han mot å vende til Galtvort dette skuleåret. Når Harry nektar, skapar Noldus trøbbel som Harry får skulda for. Wiktor vil ikkje la Harry reise tilbake til Galtvort, men han blir redda av Ronny Wiltersen og tvillingbrøra hans i den flygande bilen deira. Harry blir tatt med til Wiltersenes heim, Hiet. Harry møter Ronny si yngre syster Gulla, som skal byrja på Galtvort dette året og er forelska i Harry.
Når Harry skal reise til Galtvort kjem ikkje han og Ronny seg gjennom Plattform 9 3/4, så dei flyr heller til Galtvort med den flygande bilen. Når dei kjem til Galtvort kræsjar dei i skulen sitt valdelege tre, Prylepila. Ronny knekk tryllestaven sin og bilen stikk av. Gutane blir nesten utvist, men får heller berre arrest.
På arresten byrjar Harry å høyre ein skremmande stemme som ingen andre kan høyre. Harry, Ronny og Hermine følgjer stemmen og finn bodskapet «Mysteriekammeret er opna. Måtte fiendane av arvingen vakte seg» skriven i blod på ein vegg og nedanfor katten til vaktmeisteren, forsteina. I tida etter blir mange gompefødde elevar òg overfalt og forsteina. Rektor Humlesnurr vurderer å stenge skulen for elevane si skuld.
Professor McSnurp fortèl elevane om legenda om Mysteriekammeret, som handlar om at Salazar Smygard laga eit hemmeleg kammer før han forlét Galtvort. Kammeret, kunne berre opnast av Smygards arving, skulle innehelde eit monster som skulle myrde alle gompefødde. Smygard mislikte gompefødde og meinte dei ikkje var verdige å studere magi. Harry mistenkjar Draco for å vere arvingen.
I Stønne-Stina sitt toalett oppdag Harry ei heilt blank dagbok som det står tilhøyrer nokon kalla Tom Dredolo Venster. Gjennom den magiske boka blir Harry tatt med 50 år tilbake i tid, og ser nokre av minna til denne Tom. Dei får Harry til å misstenke at det heller er Gygrid som har opna Mysteriekammeret.
Hermine blir òg forsteina, men Harry og Ronny ser papiret i handa hennar og finn ut at monsteret i Mysteriekammeret er ein Basilisk, ein slange som drep med blikket. Gutane går til Gygrid for å spørje om det èr han som har opna kammeret, men blir sendt ut i Den Forbudte skogen. Der møter dei Aragog, ein akrumantula, som overbevis Harry om at det ikkje var Gygrid som opna kammeret, men at det berre var han som fekk skulda.
Harry finn inngangen til Mysteriekammeret ved å snakke ormtunge og møter Tom Venster som viser seg å vere Voldemort som ungdom.
Skodespelarar
endreKjelder
endre- ↑ https://www.themoviedb.org/movie/9615-the-fast-and-the-furious-tokyo-drift/similar?language=ko; arkiveringsdato: 31. mars 2016; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20160331223523/https://www.themoviedb.org/movie/9615-the-fast-and-the-furious-tokyo-drift/similar?language=ko.
- ↑ http://www.nndb.com/films/276/000034174/.
- ↑ http://www.npr.org/2011/06/23/137370427/pottermore-a-reprieve-for-harry-potters-bereaved.
- ↑ http://www.imdb.com/title/tt0295297/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 14. april 2017; språk på verket: engelsk.
- ↑ 5,0 5,1 https://www.boxofficemojo.com/title/tt0295297/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 7. mai 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Harry Potter and the Chamber of Secrets (film)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2012.