Finlay Lewis J. Cole (fødd 9. november 1995) er ein britisk skodespelar. Han er kjend for rollene sine som Michael Gray i Peaky Blinders og Joshua «J» Cody i Animal Kingdom.

Finn Cole
Fødd9. november 1995 (28 år)
FødestadLondon
FødenamnFinlay Lewis Cole
Aktive år2012–
Verka somskodespelar, filmskodespelar

Liv og virke endre

Cole er fødd i Kingston i London, og voks opp i Sørvest-London som den fjerde av fem brør. Han blei med i National Youth Theatre som syttenåring. Eldstebroren hans, Joe, er også skodespelar, og dei hadde roller som syskenbarna John Shelby og Michael Gray i Peaky Blinders.[1]

Peaky Blinders var den fyrste profesjonelle rolla til Cole, og han fekk høyra om serien gjennom den eldre bror sin.[2] I 2015 opptredde han som Eric Birling An Inspector Calls regissert av Helen Edmundson for BBC One.[3]

Roller endre

Filmar
År Tittel Rolle Merknad
2012 Offender Riot Boy Statist
2018 Slaughterhouse Rulez Don Wallace
2019 Dreamland Eugene Evans
2020 Here Are the Young Men Joseph Kearney
2021 F9 Jakob Toretto (young)
Fjernsynsroller
År Tittel Rolle Merknad
2014–2022 Peaky Blinders Michael Gray
2015 An Inspector Calls Eric Birling Fjernsynsfilm
2015 Lewis Ollie Tedman 2 episodar
2016–2022 Animal Kingdom Joshua «J» Cody

Kjelder endre

  1. «Discovery: Finn Cole», Interview Magazine (på engelsk), 15. juni 2016, henta 27. august 2023 
  2. «Interview: Peaky Blinders' Finn Cole». www.creativeengland.co.uk. Arkivert frå originalen 7. desember 2018. Henta 17. juni 2016. 
  3. «BBC One - an Inspector Calls». 

Bakgrunnsstoff endre