Finn Moe (12. oktober 19026. august 1971) var ein norsk politikar og journalist frå Bergen, som representerte Oslo og ArbeidarpartietStortinget frå 1950 til 1969.

Finn Moe
Finn Moe.jpg
Fødd 12. oktober 1902

Bergen

Død 6. august 1971
Parti Arbeidarpartiet

Liv og gjerningEndra

Moe var son til ein tannlækjar i Bergen. Sjølv utdanna han seg i 1920-åra ved lærestader i Frankrike; Rouen og Paris. Åra 1927-29 var han Arbeiderbladet sin korrespondent i Berlin, deretter styrte han Arbeidernes pressekontor i tre år. Frå 1932-40 var han journalist i Arbeiderbladet, der han arbeidde med utanriksstoff.

Moe rømde landet i 1940 og var 1941-43 sjef i Norsk kringkastingsteneste i USA og 1943-45 pressekonsulent ved Utanriksdepartementet i London. Sommaren 1945 var han norsk utsending til kommisjonen som førebudde skipinga av Sameinte Nasjonar. Fram til 1946 arbeidde i SN eller med SN-saker. Han var norsk SN-ambassadør 1948-49, og var såleis medlem av Tryggjingsrådet.

Hausten 1949 vart Moe vald til stortingsrepresentant for Oslo fylke og Arbeidarpartiet, og sidan attvald fire gongar. I alle fem valperiodane var han med i Utanriks- og konstitusjonskomitéen. Han var formann i komiteen dei fire fyrste periodane, etter Arbeidarpartiet tapte regjeringsmakta i 1965 var han nestformann i komiteen dei siste fire åra på Stortinget.

Moe skreiv og gav ut eit titals bøker og publikasjonar, mest om internasjonale spørsmål, men også om arbeidarrørsla.

KjelderEndra