60°35′52.9″N 7°30′26.3″E / 60.598028°N 7.507306°E / 60.598028; 7.507306

Finsehytta
Kart
Finsehytta
60°35′53″N 7°30′25″E / 60.597925°N 7.506975°E / 60.597925; 7.506975

Finsehytta er ei turisthytte i Ulvik herad i Vestland. Hytta ligg ved Finse stasjonBergensbanen, 1222 moh., og høyrer til Den Norske Turistforening (DNT).

Bygningen vart opphavleg oppført som prøveanstalt for flymotorar av tyskarane under den andre verdskrigen. Han vart teken over av DNT etter krigen og innreidd til turisthytte 1947–48, utvida og modernisert i 1952, 1961 og 1976. Hytta har personell i tidsrommet mars–mai og juli–september. På Finsehytta vert det arrangert brekurs om sommaren.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre