Opna hovudmenyen

Finse stasjon

stasjon på Bergensbanen
Finse stasjon i september 2008
Finse i damptogas tid
Den roterande snøplogen (snøfresaren) på Finse i 1948

Finse stasjon er i ein stasjon på FinseBergensbanen, opna i 1908. Stasjonen ligg på kilometer 302,10 rekna frå Oslo S over Roa stasjon og Gjøvikbanen, som var den ruta persontoga på Bergensbanen nytta tidlegare. Det er ikkje bilveg fram til stasjonen.

Stasjonsbygningen er teikna av arkitektane Paul Armin Due, Gudmund Hoel, Bjarne Friis Baastad, bygd opphavleg i 1904 i jugendstil, ombygd i 1916 i nyklassisistisk stil.

Stasjonen ligg 1222,2 meter over havet i Ulvik herad, og er den stasjonen i Noreg som ligg høgst til fjells. Fram til jarnbanelina vart lagt inn i fjellet i den lange Finsetunnelen, som opna i 1993 og munnar ut rett attmed Finse stasjon, var det difor base på stasjonen for mannskap og utstyr for å rydde snø på denne mest vêrharde høgfjellsstrekninga av Bergensbanen. Men etter at tunnelen opna, har snøryddinga hatt utgangspunkt i stasjonane Geilo og Myrdal i kvar sine meir lågtliggande ender av høgfjellsstrekninga. Maskinelt og anna snøryddingsutstyr frå farne tider å sjå på Rallarmuseet i Austre lokomotivhall på Finse stasjon, på andre sida av sporet i høve til stasjonsbygningen og plattforma.

I våre dagar er det såleis ikkje nemneverdig mannskap på Finse som er knytt til drifta av jarnbanen, slik det var i tidlegare tider. I den fyrste tida var venterommet på stasjonen kyrkjeleg vigsla og utstyrt med eigen døypefont, av di det skulle vere høve til om naudsynt å døype i all hast eventuelle barn som vart fødde her oppe, og ikkje var liv laga.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Finse stasjon