Fiolinsonatar, KV 10-15 av Mozart
Seks sonatar for klaver akkompagnert av fiolin eller fløyte av Wolfgang Amadeus Mozart, K. 10-15, vart komponerte seint i 1764 i London under danningsreisa til familien Mozart i Europa. dronning Charlotte av Storbritannia bestilte dei den 25. oktober og verka vart framførte den 18. januar 1765.[1] Dei vart publiserte som Mozarts «Opus 3».
Somme manuskript inneheld ein akkompagnerande part for cello som doblar hovudnotane i venstre hand på klaveret. På grunn av dette er det noko usikkert om desse stykka skal klassifiserast som fiolinsonatar, fløytesonatar eller klavertrioar.
Det er truleg at verka var påverka av eit liknande sett sonatar (Op. 2) av musikklæraren til dronning Charlotte, Johann Christian Bach («The London Bach»).[1] Bach vart ven med den unge Mozart og vart ei viktig inspirasjonskjelde for den unge komponisten.
Sonate i B, K. 10
endre- Allegro
- Andante
- Menuetto I og II
Sonate i G, K. 11
endre- Andante
- Allegro
- Menuetto (da capo Allegro)
Sonate i A, K. 12
endre- Andante
- Allegro
Sonate i F, K. 13
endre- Allegro
- Andante
- Menuetto I and II
Sonate i C, K. 14
endre- Allegro
- Allegro
- Menuetto I and Menuetto II en Carillon
Sonate i B, K. 15
endre- Andante maestoso
- Allegro grazioso
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Violin Sonatas, KV 10-15 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Sadie, Stanley, Mozart: The Early Years 1756-1781, p 86-87, Oxford University (2006), ISBN 978-0198165293
Bakgrunnsstoff
endre- Sonate i B KV 10: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Sonate i G KV 11: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Sonate i A KV 12: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Sonate i F KV 13: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Sonate i C KV 14: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Sonate i B KV 15: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- MozartForum notes on early Mozart compositions
- Naxos.com Arkivert 2012-10-08 ved Wayback Machine. liner notes