Charlotte av Mecklenburg-Strelitz
dronning av Storbritannia og Irland
Charlotte av Mecklenburg-Strelitz (19. mai 1744–17. november 1818) var dronning av Storbritannia, gift med Georg III. Ho var dotter av Karl Ludvig Fredrik av Mecklenburg-Strelitz og Elisabeth Albertina av Sachsen-Hildburghausen.
Dronning Charlotte var kjend som ein mesen som støtta musikarar som Mozart og Johann Christian Bach, biletkunstnarar som Johann Zoffany og ei kort tid Thomas Lawrence, handverkarar som William Vile og Thomas Heming, og landskapsarkitekten Capability Brown. Ho var også ein ivrig amatørbotanikar som bidrog til å utvida den botaniske hagen Kew Gardens.
Charlotte var ikkje-regjerande dronning i 57 år, lenger enn nokon annan i engelsk historie.
Barn
endre- Georg IV av Storbritannia, 1762-1830
- Fredrik, hertug av York og Albany, 1763-1827
- Vilhelm IV av Storbritannia, 1765-1837
- Charlotte av Storbritannia, 1766-1828
- Edward av Kent, 1767-1820 (far til Viktoria av Storbritannia)
- Augusta Sofia av Storbritannia, 1768-1840
- Elisabet av Storbritannia, 1770-1840
- Ernst August I av Hannover, 1771-1851
- August Fredrik, hertug av Sussex, 1773-1843
- Adolf, hertug av Cambridge, 1774-1850
- Maria, hertuginne av Gloucester og Edinburgh, 1776-1857, gift med William Frederick, hertug av Gloucester
- Sofia av Storbritannia, 1777-1848
- Octavius, 1779-1783
- Alfred, 1780-1782
- Amalia av Storbritannia, 1783-1810
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Charlotte of Mecklenburg-Strelitz» frå Wikipedia på engelsk, og «Charlotte av Mecklenburg-Strelitz» frå Wikipedia på svensk den 28. januar 2013.
Bakgrunnsstoff
endre Denne historieartikkelen som har med Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.