Fire av Jimi Hendrix

song av Jimi Hendrix
«Let Me Light Your Fire»
Singel av The Jimi Hendrix Experience
frå albumet Are You Experienced
B-side

«Burning Of The Midnight Lamp»

Språk engelsk
Utgjeve 12. mai 1967 (UK)
singel i april 1969
Sjanger Psykedelisk rock, acidrock, hardrock
Lengd 2:47
Selskap Track Records, Polydor (LP & single); Reprise (berre LP)
Komponist Jimi Hendrix
Tekstforfattar Jimi Hendrix
Låtskrivar(ar) Jimi Hendrix
Produsent Chas Chandler
The Jimi Hendrix Experience-kronologi 
«Stone Free»
(1969)
«Let Me Light Your Fire» «Stepping Stone»
(1970)


«Fire» er ein skriven og framført av Jimi Hendrix og gjeven ut på albumet Are You Experienced frå 1967 av The Jimi Hendrix Experience.

Historie endre

Stereomiksen av «Fire» vart i 1969 gjeven ut som singel, utanfor USA og Canada som «Let Me Light Your Fire». Songen finst på fleire samleplater av Hendrix.

Trass i dei seksuelle overtonane, hadde songen eit harmlaust opphav, og kom frå ein kald nyårsaftan i in Folkestone i England etter ein konsert. Noel Redding, bassist for The Jimi Hendrix Experience inviterte Jimi og kjærasten som gjester i huset til mora. Jimi spurte ho om han kunne få stå ved sidan av omnen og varme seg. Hunden hennar stod derimot i vegen og derfor linja «Aw, move over, Rover, and let Jimi take over...»(«Electric Gypsy»).[1]

Albumversjonen hadde ein kort og enkel solo, men fleire konsertversjonar har ein langt lengre solo. «Fire» vart seinare spelt av mange andre artistar, som Alice Cooper og Five By Five i 1968. Han vart nytta i ein fjernsynsreklame for Chevrolet Camaro i 1993 og Pontiac Sunfire i 1999, og i 2007 for Verizons V-Cast.

Red Hot Chili Peppers starta å spele songen kring mars 1983. Då den originale gitaristen i bandet, Hillel Slovak døydde i 1988, vart innspelinga av «Fire» lagt til som ei hyllest til han på albumet deira Mother's Milk, i 1989. Red Hot Chili Peppers spelte songen på Woodstock '99-konserten sin. Eit anna band som spelte inn songen var The Real McKenzies i 1995.

Kjelder endre

  1. Record Collector (330), 2006, s. 96