Mozilla Firefox

nettlesar fra Mozilla
(Omdirigert frå Firefox)

Mozilla Firefox er ein nettlesar som er utvikla og vert vedlikehalde på dugnad av fleire hundre friviljuge, medan Mozilla Corporation, eigd av stiftinga Mozilla Foundation, sytar for å koordinera arbeidet. Firefox er difor ein gratis programvare med fri og open kjelde, og vert nytta av 11,02 % av internettbrukarar i juli 2018.[3]. Firefox er å få både på nynorsk og bokmål.

Mozilla Firefox

Fil:Firefox 96 screenshot.png, Firefox 71 running on Linux and GNOME Shell.png, Firefox 89 on Wikipedia article.png
SkaparMozilla Foundation, Dave Hyatt, Joe Hewitt, Blake Ross
UtviklarMozilla Corporation, Mozilla Foundation
UtgjevarGoogle Play, App Store, Microsoft Store, Flathub, PortableApps
Utgjeve23. september 2002[1]
Nyaste versjon133.0 (26. november 2024)[2]
PlattformIA-32, x86_64, A64
OperativsystemLinux, Microsoft Windows, macOS, Android, iOS, iPadOS
Skriven iC, C++, JavaScript, Stilark, Rust, XUL
Typenettlesar
LisensMPL-2.0
Nettstadhttps://www.mozilla.org/firefox/new/

Firefox er liten, rask og har svært mange utvidingar. I november 2008 passerte utvidingane éin milliard nedlastingar.[4]

Firefox var tidlegare kjent under namnet Phoenix.

Historie

endre

Historia om nettlesaren Firefox:

Mozilla Foundation ønskte at Firefox skulle bli ein liten, rask, og enkel nettlesar med moglegheit for utvidingar, separat frå den større Mozilla- applikasjons-samlinga. Firefox er den offisielle nettlesaren frå Mozilla- prosjektet, og inngår i ei applikasjons-samling saman med e-postlesaren Mozilla Thunderbird og kalender-applikasjonen Mozilla Sunbird.

Prosjektet som seinare vart Firefox starta som ei eksperimentell grein av Mozilla- samlinga kalla «mozilla/ browser» av Dave Hyatt og Blake Ross. Prosjektet sin grunnleggjarar hadde i førstninga som mål å skape den best mulige nettlesaren for Microsoft Windows. Etter tilstrekkelig utvikling ble ein førsteutgåve lagt ut for offentlig testing i september 2002 under namnet «Phoenix».

Namnet «Phoenix» blei brukt til 14. april 2003, då det vart endra på grunn av ein varemerkekonflikt med BIOS-produsenten Phoenix Technologies. Det nye namnet, «Firebird» fekk blanda mottaking. Seint i april same år bestemte Mozilla Foundation at nettlesaren skulle refererast til som «Mozilla Firebird» for å unngå forveksling med database tenaren Firebird. Langvarig press frå open kjeldekode-miljøa tvang førebels fram enda eit namneskifte, og den 9. februar 2004 ble Mozilla Firebird omdøypt til «Mozilla Firefox».

Dette namnet vart valt fordi det er likt «Firebird», men også for å vera unikt i dataindustrien. For å forsikre seg mot at enda et namneskifte ikkje skulle bli nødvendig registrerte Mozilla Foundation i desember 2003 «Firefox» som et varemerke i USA.[3]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre