Firnleyøyane
Firnleyøyane (russisk острова Фирнлея, Ostrova Firnleja) er ei gruppe på tre øyar i Krasnojarsk kraj i Russland. Dei er dekte med tundravegetasjon med spreidde steinar langs kysten. Dei ligg i Karahavet, nær kysten av Tajmyrhalvøya i Sibir. Dei er òg ein del av Det store arktiske nasjonale naturreservatet, som er det største naturreservatet i Russland. Øyan ligg ikkje langt frå Nordenskjoldøyane og om lag 35 km frå fastlandet.
Firnleyøyane | |||
øygruppe | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Firnleyøyane 77°04′00″N 100°19′00″E / 77.066666666667°N 100.31666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Firnley Islands |
Firnleyøyane ligg i inngangen til Vilkitskijsundet frå vest. Dlinnij er den største av øyane i gruppa og er om lag 5 km lang.
Havet omkring Firnleyøyane er omgjeve av fast is om vinteren, som er lang og hard. Det omliggande havet er fylt av pakkis sjølv om sommaren, slik at øyane nærast er landfast med fastlandet det meste av året.
Firnleyøyane vart av Fridtjof Nansen kalla opp etter Thomas Fearnley, ein kjøpmann som var ein av støttespelarane til «Fram»-ekspedisjonen.
Nærliggande øyar
endreSjølv om øyane ligg relativt nær vert desse vanlegvis ikkje rekna som ein del av Firnleyøyane:
- Moristij 76°13′N 99°22′E / 76.217°N 99.367°E er ei rund, isolert øy, som ligg om lag 20 km nord for Firnleyøyane. Moristij er om lag 600 meter på tvers.
- Lisjnij76°57′N 100°27′E / 76.950°N 100.450°E ligg 35 km søraust for Juzjnij Firnleja, 16 km frå kysten. Ho er 1,3 km lang og 650 meter brei.
- Levinson-Lessing-øya (Ostrov Levinsona-Lessinga) ligg nær kysten, 23 km nordaust for Lisjnij. Ho er 7 km lang og kalla opp etter den russiske geologen Fjodor Julievitsj Levinson-Lessing.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Firnley Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- L. M. Starokadomski, O. J. Cattley, Vilkitski's North-East Passage, 1914-15
- Fridtjof Nansen, Otto Neumann Sverdrup, Farthest North: Being the Record of a Voyage of Exploration of the Ship
- Fast ice in the Firnley and Geiberg islands
- Naturreservatet Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: