Fiskarstrand, i dagleg tale alltid Fiskarstranda, er ei bygd i Sula kommuneSunnmøre. Bygda ligg på nordsida av øya Sula ved Åsefjorden, 2,5 km frå Mauseidvåg i aust og nær 5 km frå kommunesenteret Langevåg i vest. Fiskarstranda omfattar matrikkelgardane Rørstad og Djupvik, samt det opphavlege Fiskarstrand som består av dei små matrikkegardane Fiskergård, Ingebrigtsgarden, Våtmyr, Haugen, Øvregarden, Villumsgard, Davidsplassen og Styrkårplassen, alle saman små gardsbruk, også etter sunnmørsk målestokk. Nordstrikk Tekstil hadde i 1970-åra over 100 tilsette, på den tid særleg kjend for sine maskinstrikka genserar, men driv i dag med langt færre tilsette. Postadressa for bygda er 6035 Fiskarstrand.

Fylkesveg 657 går gjennom bygda.

Folketal endre

  • 1950: 482
  • 1980: 1032
  • 1990: 1102
  • 2001: 1166

Folketalet voks mykje då større byggefelt vart utbygde frå 1960-åra og gjennom 1970-talet.

Næring endre

Fiskerstrand Verft, grunnlagt i 1909, er ei hjørnesteinsbedrift som i 2005 hadde om lag 90 tilsette. Verftet ekspanderte mykje frå 1960-åra og vart då særleg kjend for sine nybygde ferjer. Elles har verftet bygt mange ulike typar fiskebåtar.

Fiskarstranda er likevel meir kjend for sine mange fiskeforedlarar. Heilt i byrjinga av 1900-åra sette bygdefolk klippfiskturking i system. Saltfisk hadde vorte turka på gardane, men frå åra kring fyrste verdskrigen vart det bygt større fiskebuder, og fleire verksemder etablert. Dei tre store i dag; Severin Tranvåg AS, Olav E. Fiskerstrand AS og J&J Dybvik AS kom alle i gang i perioden 1914-23. Dei er familieselskap som foredlar ei rekke fiskeslag med meir.

Samfunn endre

Bygda har eigen barneskule, Fiskarstrand skule. Her er òg ein daglegvarehandel. Bygda har hatt eit aktivt kristenliv kring bedehus. Fiskerstrand Idrettslag har drive med fotball og handball.

Fiskerstrand er etternamn for over 300 personar i Noreg.

Kjelder endre

  • Sula-soga, band 3. Sula 2006.