Sjark er ein liten motordriven fiskebåt frå 19 til 42 fot. Særmerke for denne båttypen er at lugaren ligg forut og er bygd saman med styrhuset. Frå styrhuset og attover føregår arbeidet med fiskereidskapen. Motoren er plassert mittskips under styrhuset eller like attom dette. Nokre av sjarkane er opne båtar, men dei fleste har dekk. Det finst spissgatta sjarkar, men dei tverrskotta med spegel er dei vanlegaste. Alle har mesan-mast akter, men dei største har båe mesan og vanleg mast. Tidlegare var sjarken klinkbygd av tre, men no vert dei laga i glasfiber-armert plast. På dei minste sjarkane er det berre ein mann om bord og vert nytta til fiske i fjordar og kystnære strok.

Nærast på biletet: Typisk nord-norsk sjark, spissgatta med dekk.
Klinkbygd sjark med masthus akter.

Utvikling endre

Dei fyrste sjarkane var gjerne trebåtar som vart ombygde, der det vart innsett ein liten glødehovudmotor. Desse båtane var for det meste opne båtar uten dekk. Frå 1960-talet og utover vart det bygd mange nye sjarkar i tre med dekk, frå 19 til 26 fot. Nokre var spissgatta men det vart etter kvart dei med tverrskott som tok over. No vert sjarkane bygd i glasfiber-armert plast og er tverrskotta og mange er over 40 fot.