Fiskeslaget kveite

(Omdirigert frå Fisken kveite)
Denne artikkelen handlar om fiskeslaget kveite. For kornslaget, sjå kveite.
Fiskeslaget kveite
Fiskeslaget kveite
Fiskeslaget kveite
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Flyndrefisk Pleuronectiformes
Familie: Pleuronectidae
Slekt: Hippoglossus
Art: Fiskeslaget kveite H. hippoglossus
Vitskapleg namn
Hippoglossus hippoglossus

Kveite (Hippoglossus hippoglossus), på Austlandet ofte kalla hellefisk, er ein flyndreart som held til i det nordlege Atlanterhavet. Han er ein av dei største flatfiskane me kjenner til; hoene kan bli opptil 300 kg, og over 3,5 meter lange. Hannane blir berre 50 kg. Fisken vert mykje nytta til mat.

I Nord-Noreg har det frå gamalt av vore knytt eit namnetabu til namnet «kveite». Ein skulle ikkje nemna det mens ein var på havet, elles slo fisket feil. I staden sa ein «gudsfisken».

Færøysk frimerke med bilde av kveite.
Kveite
Norske dialektnamn
Hellefisk
Namn på andre språk
NordsamiskBálddis
SvenskHälleflundra
DanskHelleflynder
EngelskHalibut, Atlantic halibut
TyskHeilbutt, Weiße Heilbutt
FranskFlétan, flétan de l'Atlantique, flétan blanc
SpanskPez mantequilla, fletán, hipogloso, paltus, halibut
RussiskPaltus (Палтус), obyknovennyj paltus (обыкновенный палтус), belokoryj paltus (белокорый палтус)

Namnet «hellefisk» har opphav i nemninga heilag fisk eller helgefisk. I katolsk tid vart kveita eten i helger, når det var forbode å ete kjøt.[1] Ordet «kveite» er avleidd av «kvit» – kveita er kvit på undersida.[2]

KjelderEndra

  1. Falk og Torp: Etymologisk ordbok
  2. «kveite» i Nynorskordboka.
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.