Fitjar Kraftlag

Fitjar Kraftlag vart stifta 10. april 1935 og syter for straum til Fitjar og i andre kraftlaget har nettverk. I tillegg vert det seld kraft på den opne marknaden og drive nærliggjande næringsverksemd. Selskapet er 90 % privateigd, medan Fitjar kommune eig 10 %. Selskapet eig òg 3,4 % av Sunnhordland Kraftlag. Johannes Koløen er styreformann, medan Ole Vidar Lunde er elverksjef. Selskapet har 10 tilsette.

Kraftlaget driv to kraftstasjonar som baserer seg på vasskraft, den opphavlege i Årskog og ein på Rimbareid som opna i 2001. I 2006 produserte kraftlaget 5,1 GWh straum, medan det i 2004 vart produsert totalt 6,9 GWh. I samband med kraftstasjonen på Rimbareid, som ligg ved Svartavatnet i fjellet, som òg er drikkevasskjelda til Fitjar, vart det bygd ein veg. Vegen er ei dag ei populær turrute for folket i bygda.

HistorieEndra

Den første generatoren til kraftlaget vart kjøpt hjå AEG Bergen for 14 900 kr i 1937 og var i drift heilt til 1990-åra. Den ny kraftstasjonen vart teke i bruk for fullt i 1996.

Midtfjellet VindkraftEndra

Fitjar Kraftlag eig i lag med DONG Energy selskapet Midtfjellet Vindkraft, som skal byggje ein vindmøllepark på Midtfjellet på Fitjar. Trass i store protestar frå lokale innbyggjarar vart reguleringsplanen stadfesta 25. oktober 2007. Parken vil truleg bestå av 35-40 møller over eit område på 15 km², kvar med ei høgd på 145 meter. Totalt vil vindmøllene truleg produsere 450 GWh i året, som tilsvarar straumforbruket til om lag 22 000 menneske, meir enn på heile øya Stord. Dette vil mangedobla produksjonen frå Fitjar Kraftlag.

BreibandEndra

Fitjar Kraftlag har òg bygd ut breiband til heile bygda, som vart den første i landet med full breibandsdekning[1]. Sjølv i Fitjarøyane er det no dekning med trådlaust nettverk. Utbygginga vart gjort heilt utan statsstøtte.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra