Ørsted A/S

(Omdirigert frå DONG Energy)

Ørsted A/S er eit dansk energiselskap med verksemd i Danmark, Noreg, Sverige, Tyskland, Nederland og Storbritannia.

Ørsted A/S


Ørsteds hovedkvarter i Skærbæk. Sjå dette på Wikidata
Org.formAktieselskab
CVR‑nummer36213728
BransjeEnergibransje[1]
Skipa2006
EigarCapital Group Companies[2]
Eigenandel iA2SEA[1]
HovudkontorFredericia[1]
LandDanmark
Produktbiomasse, havvindpark
Salsinntekter13 877 000 000 dansk krone (2016)[1]
Omsetnad13 877 000 000 dansk krone (2016)[1]
Resultat13 213 000 000 dansk krone (2016)[3][2]
Marknadsverdi112 500 000 000 dansk krone (31. desember 2016),[1] 289 600 000 000 dansk krone (31. desember 2019)[4]
Nettstadhttps://orsted.com/

Den danske staten skipa i 1972 Dansk Naturgas A/S, som året etter skifta namn til Dansk Olie og Naturgas A/S (DONG). Etter kvart nytta ein forkortinga DONG som namn på selskapet. Selskapet var tidleg på 1980-talet engasjert i transportsystem for petroleum og naturgass i Danmark. I ettertid er aktiviteten utvikla til å omfatta leveransar av elektrisk energi. I tillegg er selskapet involvert i forsking, leiting etter og utvinning av råolje og naturgass.

I Noreg er selskapet representert med dotterselskapet DONG Norge AS. Selskapet har kontor i Stavanger der selskapet si verksemd på norsk kontinentalsokkel vert ivareteke. Selskapet er den tiande største eigaren av rettar til norsk kontinentalsokkel, med reserver hovudsakleg i naturgassfeltet Ormen Lange-feltet. Andre felt der selskapet har eigardelar er Gydafeltet, Glitnefeltet, Tambarfeltet og Ulafeltet. I 2002 kjøpte DONG Statoil sine eigardelar på dansk kontinentalsokkel. DONG vart då operatør for Sirifeltet.

DONG Energy vart danna våren 2006 som resultatet av ei samanslåing av seks danske energiselskap. Desse var DONG, Elsam, ENERGI E2, Nesa, Københavns Energi sin elaktivitetar og Frederiksberg Forsyning. 6. november 2017 endra selskapet namn til Ørsted, oppkalla etter Hans Christian Ørsted.[5]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre