Fitjar kyrkje ligg på Fitjar i Hordaland, like ved sentrum. Ho høyrer til Fitjar sokn. Kyrkja er ei langkyrkje av tre og har 425 sittjeplassar.

Fitjar kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnhordland
Sokn Fitjar
Type Langkyrkje
Arkitekt Bygd av byggmeistrane Kaarhus frå Skånevik og Wamberg.
Tårn Eit tårn med to klokker
Kyrkjegard Kyrkjegarden rundt kyrkja er framleis i bruk. Steingarden er bygd med stein frå den gamle kyrkja.
Preikestol Store delar av preikestolen er frå byrjinga av 1700-talet
Døypefont Frå 1627-1629
Altartavle Måleri som viser krossfestinga. Skal vere teikna av Holst frå Trøndelag.
Sitjeplassar 425
Diverse Altertavla frå 1721 frå den gamle kyrkja heng òg på veggen. Orgel frå 1969 av J.H. Jørgensen frå Oslo.
Kart
Fitjar kyrkje
59°55′02″N 5°19′04″E / 59.91722222°N 5.31777778°E / 59.91722222; 5.31777778
Wikimedia Commons: Fitjar kirke

Mellomalderkyrkja endre

Ein veit ikkje sikkert kva tid den første kyrkja vart bygd, men ho er truleg bygd like etter Moster gamle kyrkje. Den første kyrkja på staden vart bygd i tilknyting til kongsgarden som låg på Fitjar. Sidan kyrkja vart bygd på kongsgarden sin grunn og sidan presten fekk ein del av kongsgarden til prestegard, er det stor grunn til å tru at det var kongen sjølv eller ein av lensherrane hans som bygde kyrkja. Kanskje var dette Aslak Fitjaskalle som Olav den heilage sende her på byrjinga av 1000-talet.[1] Steinen i kyrkja skal i følgje segna ha vore henta frå Sandvik på Osterneset, nord for Fitjar sentrum, og dette kan vel stemme sidan det framleis er spor i berget på at stein er hogd ut herfrå

Ho skal ha vore mykje lik Moster gamle kyrkjeMosterBømlo, den eldste kyrkja i Noreg. Mellomalderkyrkja på Fitjar skal derimot ha vore større. Ho var av stein med kyrkjehus, kor av mur og våpenhus i tre. Denne kyrkja var riven då den noverande trekyrkja vart bygd. Stein frå den gamle kyrkja vart nytta som steingard rundt kyrkjegarden.[2]

Nils Skanning var truleg den første presten i kyrkja etter reformasjonen. Han var frå Ystad i Skåne, som den gongen var ein del av Danmark.

Den noverande kyrkja endre

Den nye kyrkja vart bygd av byggmeister Kaarhus frå Skånevik og byggmeister Wamberg og vart innvigd i 1867 etter at Fitjar vart eit eige sokn i 1862. Fleire lekamar frå den gamle kyrkja vart flytta inn i den nye, som døypefonten frå 1627-1629, ein messinglysestake frå 1600-talet og ein disk frå 1676-1699. Kyrkja fekk ny altertavle, teikna av Holst frå Trøndelag. Altertavla viser eit måleri av krossfestinga. Den gamle altertavla frå 1721 heng på ein av sideveggane i kyrkja. I tillegg har kyrkja ein biletbibel frå 1890.

Fitjar kyrkje har to kyrkjeklokker, ei lita og ei stor. Den litle klokka er frå den originale kyrkja frå mellomalderen, medan den andre vart støypt i Bergen i 1854 av J.F. Becker.

Steinplata som var altarbord gjennom mellomalderen er montert inn i den noverande kyrkja sitt kassealtar etter først å ha vore nytta til dørhelle ved norddøra.

Den første soknepresten i kyrkja var Ivar Olaus Widerøe frå Selbu. Japanaren Nobukazu «Nobu» Imazu er kyrkjelydsprest på Fitjar. Han er den første japanaren som er ordinert i Den norske kyrkja.[3]

Fotnotar endre

  1. Jacob Aaland (1933). «Fitjar i soga». Fitjar. Sandane: R Søreides Prenteverk. s. 62-83. 
  2. «Gamal kongsgard». Henta 17. oktober 2007. 
  3. «Fyrste japanske prest i kyrkja». Henta 5. november 2007. 

Bakgrunnsstoff endre