Fjærlandstunnelen
Fjærlandstunnelen er ein tunnel på riksveg 5 i Jølster og Sogndal kommunar i Sogn og Fjordane. Tunnelen går mellom Lunde i Jølster og Bøyadalen i Sogndal, og er 6397 meter lang.
![]() Tunnelopning attmed Bøyabreen | |
Veg | Rv5 |
---|---|
Lengd | 6 397 |
Opna | 31. mai 1986[1] |
![]() Fjærlandstunnelen |
Tunnelen vart opna 31. mai 1986 av den tidlegare visepresidenten i USA, Walter Mondale,[1] som hadde slekt i Mundal i Fjærland. Fjærlandstunnelen og resten av vegen mellom Skei i Jølster og Fjærland gav Fjærland landfast vegsamband med omverda.
Det er ikkje tillate for fotgjengarar og syklistar å ferdast i Fjærlandstunnelen.
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Fjærlandstunnelen» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mars 2019.