Fjellrapp
Fjellrapp
Fjellrapp
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Pooideae
Slekt: Poa
Art: Fjellrapp P. alpina
Vitskapleg namn
Poa alpina

Fjellrapp (Poa alpina) er ei plante i grasrotfamilien. Planta vert kring 47 cm høg. Ved grunnen av strået sit dei gamle lysgrå bladslirene tett og fast saman som ein runding. Nye bladskott og strå kjem fram langsmed strået inne i sylinderen. Fjellrapp har mørkgrøne blad som er breie fram til nær spissen. Strået er grant øvst. Planta har kort og brei topp med to greiner i nedste kransen. Ho ha mangeblomstra breie raudfiolette småaks. Alle agner er breitt eggrunde.

Fjellrapp

Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. I Noreg er fjellrapp vanleg i alle fjelltrakter, og blomstrar kring juli månad i vierkratt, enger og snøleger, helst på kalkrik grunn. Planta finst og på turre bakkar i låglandet. Ho er funnen opp til 2000 m i Jotunheimen.

KjelderEndra