Fjernsynsserien Sluha narodu

ukrainsk tv-serie

Sluha narodu («Tenaren av folket»; ukrainsk Слуга народу, russisk Слуга народу) er ein ukrainsk TV-serie skapa og produsert av Volodymyr Zelenskyj, som også spelar hovudrolla Vasyl Petrovytsj Holoborodko. Holoborodko er ein historielærar i trettiårsalderen som uventa blir vald til president i Ukraina etter at ein video av at han held ein sint tirade mot korrupsjon i landet «går viral».[1][2][3]

Слуга народу

Typefjernsynsserie
Sjangerpolitisk satire, komedie
OpphavslandUkraina
Sesongar3
Episodar51
Lengd26±3 minutt
Språkrussisk, ukrainsk
SkaparKvartal 95
ManusAndrej Jakovlev, Oleksij Kyrjusjtsjenko, Valerij Zjidkov
RegiOleksij Kyrjusjtsjenko
Kanal1+1, Q4529787, TNT, Rustavi 2, Belarus 1, Arte

Serien er produsert av studioet Kvartal 95, som vart skipa av Zelenskyj.[1] Serien vart seinare meir involvert i ukrainsk politikk; 31. mars 2018 vart det politiske partiet Folkets tenar, kalla opp etter fjernsynsserien, registrert, og Zelenskyj vart vald til president i Ukrain i røyndomen ved presidentvalet i Ukraina 2019. Han fekk over 70 % av røystene i andre runde av valet.[4][5]

Serien hadde premiere 16. oktober 2015, og gjekk i tre sesongar fram til 2019.

Handling

endre

Vasyl Petrovytsj Holoborodko (spela av Volodymyr Zelenskyj) er ein historielærar på ein vidaregåande skule som bur saman med foreldra sine. Ein dag blir Holoborodko filma av ein student når han kjem med ein tirade om omfattande korrupsjon i Ukraina, og studenten lastar opp desse opptaka til YouTube. Læraren vert deretter ein internett-sensasjon over natta. Fleire av studentane til Holoborodko lanserer ein folkefinansieringskampanje for at læraren deira skal stilla som kandidat til å bli den neste presidenten i Ukraina, mot lærarens ønske.

Dette driv til slutt Holoborodko til politisk siger som ny president i Ukraina. Etter at han blir innsett i embetet, er Vasyl først forvirra over det nyvunne ansvaret sitt og die offentlege oppgåvene. Men han kjem seg gradvis inn i den nye jobben sin som president, og bestemmer seg for å luka ut all korrupsjon frå den ukrainske regjeringa og andre offentlege etatar.

Rolleliste

endre
  • Volodymyr Zelenskyj som Vasyl Petrovytsj Holoborodko; ein historielærar på vidaregåande skule som uventa blir vald til Ukrainas president
    • Zelenskyj spelar òg Grisja, ein regjeringstilsett som gjennomgår plastisk kirurgi for å bli dobbeltgjengaren til Holoborodko.
  • Stanislav Boklan som Jurij Ivanovytsj Tsjujko; ein korrupt politikar og ukrainsk statsminister
  • Viktor Sarajkin som Petro Vasylovytsj Holoborodko; faren til Vasyl.
  • Natalija Sumska som Marija Stefanivna Holoborodko; mora til Vasyl.
  • Kateryna Kisten som Svitlana Petrivna Sakhno; systera til Vasyl og tidlegare nestleiar i skatteetaten.
  • Olena Kravets som Olha Jurijivna Misjtsenko; ekskona til Vasyl og sentralbanksjef. Blir seinare fungerande statsminister.
  • Jevhen Kosjovyj som Serhij Viktorovytsj Mukhin; utanriksminister og tidlegare skodespelar.
  • Olha Zjukovtsova som Oksana Skovoroda; assistenten til Mukhin.
  • Jurij Krapov som Mykhajlo Ivanovytsj Sanin; finansminister.
  • Oleksandr Pikalov som Ivan Andrijovytsj Skoryk; forsvarsminister og tidlegare kaptein i marinen.
  • Mykhajlo Fatalov som Mykajel Asjotovytsj Tasunjan; sjefen i Ukrainas tryggingsteneste.
  • Anna Kosjmal som Natalja; niesa til Vasyl.
  • Halyna Bezruk som Anna Mykhajlivna; kjærasten til Vasyl.

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Katherine Jacobsen. «How a Fictional President Is Helping Ukrainians Rethink Their Absurd Politics». Foreign Policy (på engelsk). Henta 11. mars 2022. 
  2. Anthony Kao. «Ukraine’s “Servant of the People” Is a Hidden Gem of Political Comedy» (på engelsk). Cinema Escapist. Henta 11. mars 2022. 
  3. Einar Aarvig. «Anmeldelse: Serien som vant velgernes hjerter». Vårt Land (på norsk). Henta 11. mars 2022. 
  4. «Минюст зарегистрировал партию "Слуга народа"» (på ukrainsk). Українські Новини. Henta 11. mars 2022. 
  5. Jan Espen Kruse. «Ukrainas nye president: Starter med å oppløse parlamentet» (på norsk). NRK. Henta 11. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre