Volodymyr Zelenskyj

ukrainsk politikar og skodespelar

Volodymyr Oleksandrovytsj Zelenskyj (fødd 25. januar 1978) er ein ukrainsk skodespelar, filmskapar og politikar frå Kryvyj Rih. Han har vore president i Ukraina sidan den 20. mai 2019. Han er den sjette presidenten i landet sidan det oppnådde sjølvstende.

Volodymyr Zelenskyj

Fødd25. januar 1978 (46 år)
Kryvyj Rih
Statsborgar avUkraina
PartiFolkets tenar
Yrkepolitikar, komikar, arrangementvert, filmprodusent, manusforfattar, skodespelar, TV-produsent, programleiar, underhaldningsartist, songar, humorist, filmskaper, tivoliarrangør, игрок КВН, imitator
InstitusjonarKvartal 95
Inter
1+1
Ukrainas presidentkontor
Utdanna vedBedriftsøkonomisk institutt i Kryvyj Rih
Det nasjonale økonomiske universitet i Kyiv
MorRimma Zelenskaja
FarAleksandr Zelenskij
EktefelleOlena Zelenska
BarnKirill Vladimirovitsj Zelenskij, Oleksandra Zelenska
Alle verv
  • Ukrainas president (2019–)
  • Supreme Commander of the Armed Forces of Ukraine (2019–) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn

endre

Zelenskyj har jødisk bakgrunn, og er gift med Olena Zelenska. Saman har dei to born, Oleksandra og Kyrylo. Han vart uteksaminert som jurist frå Det nasjonale økonomiske universitet i Kyiv i 2000. I 2003 var han med å danne filmselskapet Kvartal-95. Dei neste 15 åra arbeidde han som skodespelar og filmprodusent. Han var med å grunnleggja «Latterligaen», eit fjernsynsprogram med komedieinnslag. Han har produsert 10 filmar, og har vunne meir enn 30 prisar frå den ukrainske filmprisutdelinga Teletriumph. Volodymyr Zelenskyj er ein prisvinnar ved ei rekkje internasjonale filmfestivalar.[1] I fjernsynsserien Folkets tenar spelte Zelenskyj hovudrolla som ein ukrainsk lærar som gjekk viralt etter eit fråsegn om dei ukrainske utfordringane med korrupsjon, og ender opp med å sjølv verta vald til den nye presidenten i landet.[2] Våren 2018 skipa Zelenskyj saman partiet 'Folkets tenar' etter at serien hans vart ein suksess, hjartesaka hans vart naturlegvis kampen mot korrupsjon i Ukraina.[3]

Politisk karriere

endre

Våren 2019 stilte Zelenskyj opp som partiet sin kandidat ved presidentvalet i landet, og fekk i fyrste valomgang flest røyster av alle kandidatane. Ved det avgjerande valet den 21. april fekk han over 73 % av røystene, motkandidaten Petro Porosjenko vel 24 %. Zelenskyj vart innsett i president-embetet den 20. mai. Han skreiv ut parlamentsval til 29. juli. 'Folkets tenar' fekk om lag 43 % av røystene og heile 254 av 424 representantar i Verkhovna Rada (høgsterådet).

Etter Russland sin invasjon og vidare okkupasjon av ukrainsk territorium den 24. februar 2022 vart Zelenskyj ein viktig rollefigur for den ukrainske kampen og moralen mot russisk aggresjon. Vidare har han vore med på å setja Ukraina og demokrati på dagsorden.[4][5] Han har likevel vorte kritisert for å banalisera og nekta for den amerikanske etterretninga sine åtvaringar om ein storstilt russisk aggresjon mot Ukraina tida før den 24. februar 2022.[6] Zelenskyj har tala i Noreg to gangar via videolink, på Stortinget den 30. mars 2022,[7] og på ONS Foundation den 29. august 2022.[8][9]

Kjelder

endre
  1. «Biography: Volodymyr Zenelskyy». 
  2. Sluga narodu, Kvartal 95 Studio, 16. mai 2022, henta 24. august 2022 
  3. Holm-Hansen, Jørn; Paulsen, Martin (26. februar 2022). «Volodymyr Zelenskyj». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  4. «'Shame on you': How President Zelensky uses speeches to get what he needs». BBC News (på engelsk). 24. mars 2022. 
  5. Writer, Colleen Walsh Harvard Staff (7. mars 2022), «Putin’s iron fist vs. Zelensky’s moral clarity», Harvard Gazette (på engelsk), henta 24. august 2022 
  6. «Zelensky faces outpouring of criticism over failure to warn of war». 
  7. «Her er hele president Volodymyr Zelenskyjs tale til Stortinget», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 24. august 2022 
  8. Kalstad, Lise Marit (29. august 2022), «Zelenskyj åpnet ONS i Stavanger», NRK (på norsk bokmål), henta 29. august 2022 
  9. «Energy independence from Russia is of fundamental importance for all Europeans, and only together can we protect Europe – speech by the President of Ukraine at the Offshore Northern Seas Conference 2022». 
  Denne samfunnsartikkelen som har med Ukraina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.