Fjodor Abramov
russisk skribent
Fjodor Aleksandrovitsj Abramov (29. februar 1920–14. mai 1983) var ein russisk forfattar.
Fjodor Abramov | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 29. februar 1920 Verkola |
Død |
14. mai 1983 (63 år) |
Yrke | skribent, litteraturkritikar, prosaforfatter, litteraturhistorikar, kommentator, litteraturvitar, litterat, novelleforfattar |
Språk | russisk |
Politisk parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Fjodor Abramov på Commons |
Abramov melde seg som friviljug til forsvaret av Leningrad under andre verdskrigen. Han var alvorleg såra og sendt heim att. I 1956 vart han dosent i sovjetisk litteratur, men etter 1960 konsentrerte han seg om å skriva sjølv. I bøkene skildrar han den vanskelege situasjonen til nordrussiske bønder under og etter krigen. Tre av bøkene hans er omsette til norsk; Morshjertet, Pelageja og Aljka. Han vart straffa fleire gonger for å bryta Sovjetunionen sine retningsliner for litteratur.
Småplaneten 3409 Abramov er kalla opp etter Fjodor Abramov.
Bibliografi
endre- Bratja i siostry, 1958
- Vokrug da okolo, 1963
- Dve zimy i tri leta, 1969
- Puti-pereputja, 1973
- Dom, 1980