Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes
fergesamband i Vestland
(Omdirigert frå Flatråker-Jektavik-Nord-Huglo)
59°52′49.786″N 5°33′28.678″E / 59.88049611°N 5.55796611°E
Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes er eit ferjesamband på riksveg 49 over Langenuen mellom kommunene Stord og Tysnes. Strekninga vert trafikkert av Norled-ferja M/F «Austevoll» med opp til 28 daglege avgangar frå Jektavik og Hodnanes. Nordhuglo har opp til 13 daglege anløp. Overfarten Hodnanes - Jektevik tar 10 minuttar direkte og 30 minuttar med anløp på Nordhuglo.
Ferjesambandet til Hodnanes opna i 1995. Før den tid gjekk ferja til Flatråker lenger nord på Tysnes.