60°3′4.0752″N 5°19′34.712″E / 60.051132000°N 5.32630889°E / 60.051132000; 5.32630889

Hurtigruteskipet MS «Otto Sverdrup» i Langenuen mellom Fitjar og Tysnes
Høgspentlinene over Langenuen mellom Stord og Tysnes
Langenuen sett sørover frå Selbjørnsfjorden. Stord ligg til høgre og Tysnes til venstre
Langenuen i måneskin

Langenuen er eit sund i Sunnhordland i Vestland fylke, mellom øyane Stord og Huftarøy i Austevoll i vest og Tysnesøy og Reksteren i Tysnes kommune i aust. Sundet er 35 km langt og strekkjer seg frå Husnesfjorden ved innløpet til Hardangerfjorden i sør til Bjørnefjorden i nord. Mellom Stord og Huftarøy kjem Selbjørnsfjorden inn frå vest.

Det går ferjesamband mellom SandvikvågFitjar heilt nord på Stord til Halhjem i Os kommune, som går langs den nordlege delen av Langenuen. Frå Jektevik på Stord går det ferjesamband over Langenuen til Hodnanes på Tysnes og til Huglo. Det er planar om å byggje ei bru over Langenuen frå Jektevik på Stord til Hodnanes på Tysnes som ein del av E39 og den framtidige kyststamvegen mellom Stord og Bergen.

Historie

Den 30. mars 1942 styrta eit fly frå den tyske krigsmakta, av modelltypen Messerschmitt Bf 109 i Langenuen, truleg grunna tekniske vanskar. Piloten omkom i styrten.[1]

Kjelder endre

  1. Knut Rage (6. juni 2019). «Flystyrten i Langenuen 1942». Tysnes 67 (22).