Ein fleirartsflokk,[1] blanda flokk[2] eller uformelt ei fuglebølgje, er ein fugleflokk av ulike artar, som samlar seg og flyttar saman frå stad til stad medan dei beiter.[3] Dei er vanlegvis insektetande fuglar. Dette fenomenet er ulikt frå samlingar av fleire fugleartar i eit avgrensa område med lokal høg næringstilgang.

Skildring endre

Ein fleirartsflokk har typisk kjerneartar som synest å vere sentrale i danninga og i rørsler, medan dei som følgjer kjernen blir kalla deltakarar. Deltakarar har ein tendens til å slutte seg til fleirartsflokken berre når flokken kjem inn på territoriet deira.[4]

Det er ikkje godt kjent korleis slike flokkar kjem i gang. Men på Sri Lanka til dømes, kan imitering av læte frå dragedrongo ha ei sentral rolle i initiering av fleirartsflokkar,[5] i delar av tropisk Amerika kan støyande og beitande gyllenkroneparulaer spele den same rolla.[6] I tropiske skogar, kan fuglar som plukkar føde frå bladverket vere dei mest talrike artane i fleirartsflokkar.[7]

Ein typisk neotropisk fleirartsflokk rører seg gjennom skogen på ca. 300 meter i timen, der ulike artar beitar i sine føretrekte nisjar, på bakken, på trestammar, i høgt eller lågt lauvverk, osb. Nokre artar følgjer flokken heile dagen, medan andre, som spydknottsmett,[8] berre er med så lenge flokken kryssar territoriet hans.[9]

Føremonar endre

Fleire evolusjonære mekanismar er foreslått for å forklare danninga av fleirartsflokkar. Desse er vanlegvis skildra i tilhøve til kostnader og fordeler for einskildindivid. Dei viktigaste føremonane som det har vore framlegg om er ein reduksjon i risiko for predasjon gjennom auka aktsemd, det vil seie fleire auge kan oppdage predatorar og gje ein alarm og dermed auka beiteeffektivitet.

Fleirartsflokkar i Holarktis endre

I den nordre tempererte sona, er slike flokkar vanlegvis leidd av meiser, Paridae,[10] ofte saman med spettmeiser, Sittidae,[11] trekryparar, Certhiidae, hakkespettar, Picidae, slik som dunspett i Nord-Amerika og dvergspett i den palearktiske regionen,[12] fuglekongar, Regulus, og i Nord-Amerika parulaer, Parulidae[13] - alle insektetande fuglar. Dette fenomenet er spesielt utbreidd utanfor hekkesesongen.[10]

Av fuglar i Noreg er det vanleg at meiser dannar fleirartsflokkar, «meiseflokkar», etter hekkesesongen, og gjerne saman med andre artar av sporvefuglar.[14]

Kjelder endre


  • Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7.
  • Hume, Rob (2002). Damms store bok om fugler i Norden og Europa. N. W. Damm & Søn AS. ISBN 82-496-0599-3.

Referansar endre

  1. Nemning frå Svensson et al (1999)
  2. Nemning, alternativt frå Hume (2002)
  3. Graves & Gotelli (1993)
  4. Faaborg, John (1988) Ornithology: an ecological approach. Prentice Hall. pp. 219–221
  5. Goodale & Kotagama (2006)
  6. Machado (1999)
  7. Thiollay (1999)
  8. Mead (2003)
  9. Rice & Hutson (2003)
  10. 10,0 10,1 Ehrlich et al. (1988)
  11. Matthysen & Löhrl (2003)
  12. Blume & Winkler (2003)
  13. Backhouse (2005)
  14. Store norske leksikon på nett