Parulaer
Parulaer er ein familie Parulidae av små, ofte fargerike sporvefuglar, ordenen passeriformes, med distribusjon avgrensa til Amerika.
Parulafamilien | |
Brunparula, Limnothlypis swainsonii | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Passeroidea |
Familie: | Parulafamilien Parulidae Wetmore, 1947 |
Det vitskapelege namnet for familien, Parulidae, stammar frå det faktum at Linné i 1758 namnsette stryparula som ei meis, Parus americanus. Slektsnamnet vart først endra til Parulus og seinare til Parula, som har gjeve namn til heile familien. Tidlegare var 'skogsongarar' nytta som norsk namn på familien,[1] truleg etter ei omsetting av «wood-warblers» som har vore ei nemning på engelsk.[2] På engelsk nyttast i dag «New World warblers» som offisielt namn, truleg opphavet til uoffisielt 'amerikanske "warblers"/songarar' på norsk.[3] Det offisielle norske namnet er i dag parulafamilien.[4]
Skildring
endreDei fleste av dei ca. 110 artane i familien lever i tre, men omnparula, vassparula og straumparula, har eit levevis knytt til bakken og til vatn. Nesten alle er insektetarar.
Alle parulaer er relativt små fuglar. Den minste arten er mesquiteparula, Vermivora luciae, på om lag 6,5 gram og 10,6 cm.
Artane i familien som er trekkfuglar har tendens til å legge største kull av egg, vanlegvis opptil seks egg. Store kull kan vere eit middel til å kompensere for farar som individa utsett seg for under trekka. I kontrast er to egg i kullet typisk for mange tropiske artar, ettersom ungane hos desse artane kan få betre omsorg, og dei vaksne har større sjansar for fleire kull og større reproduksjon.
Det er sannsynleg at parulaer har opphavet i det nordlege Sentral-Amerika, der ein framleis finn størst mangfald av arter og største populasjonar. Derifrå har dei spreidd seg nordover i løpet av interglasialperiodane, hovudsakleg som migrantar som returnerte til forfedrane sitt område om vinteren. To slekter, Myioborus, kvitstjertar, og Basileuterus synast å ha kolonisert Sør-Amerika tidleg, kanskje før dei to kontinenta blei kopla saman, og gav veg til dei fleste artar av songfuglar til regionen. Om lag tredve artar av parulaer har vore observert som sporadiske streiffuglar i Europa,[5] av desse fire artar i Noreg, myrteparula (Setophaga coronata) på Utsira i 1996[6] og omnparula, Seiurus aurocapilla, på Karmøya i oktober 2003.[7] I 2020 kom to nye parulaartar, brunkinnparula, Setophaga tigrina,[8] og klatreparula, Mniotilta varia.[9] Dei to sistnemnde vart observerte på Utsira og i Hå kommune høvesvis.
Hos mange trekkfuglartar i familien, spesielt dei som hekkar lengst nord, utviklar hannane ein karakteristisk hekkedrakt i hekkesesongen, ettersom hannar markerer seg for å gjenvinne territoriet og å vise seg fram for moglege makar kvart år. Denne tendensen er spesielt markant i den store slekta Setophaga. Derimot syner standfuglane, som dannar par for livet, liten eller ingen kjønnsdimorfisme.
Eit unnatak er omnparula og dei to artane i Parkesia. Dei er trekkfuglar, men samstundes har dei identisk fjørdrakt for begge kjønn. Eit anna unnatak er dei tropiske gulstrupane, Geothlypis, som er standfuglar, men òg kjønnsdimorfe.
Artsliste
endreParulaer i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[10] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
Slekt Seiurus
- Omnparula, Seiurus aurocapilla, Ovenbird, LC, Linné, 1766
Slekt Helmitheros
- Åmeparula, Helmitheros vermivorum, Worm-eating Warbler, LC, Gmelin, 1789
Slekt Parkesia
- Straumparula, Parkesia motacilla, Louisiana Waterthrush, LC, Vieillot, 1809
- Vassparula, Parkesia noveboracensis, Northern Waterthrush, LC, Gmelin, 1789
Slekt Vermivora
- Sumpparula, Vermivora bachmanii, Bachman's Warbler, CR (PE), Audubon, 1833
- Blåvengparula, Vermivora cyanoptera, Blue-winged Warbler, LC, Linné, 1766
- Gullvengparula, Vermivora chrysoptera, Golden-winged Warbler, NT, Linné, 1766
Slekt Mniotilta
- Klatreparula, Mniotilta varia, Black-and-white Warbler, LC, Linné, 1766
Slekt Protonotaria
- Plommeparula, Protonotaria citrea, Prothonotary Warbler, LC, Boddaert, 1783
Slekt Limnothlypis
- Brunparula, Limnothlypis swainsonii, Swainson's Warbler, LC, Audubon, 1834
Slekt Oreothlypis
- Halvmåneparula, Oreothlypis superciliosa, Crescent-chested Warbler
- Flammeparula, Oreothlypis gutturalis, Flame-throated Warbler
- Møllparula, Oreothlypis peregrina, Tennessee Warbler
- Oransjekroneparula, Oreothlypis celata, Orange-crowned Warbler
- Eikeparula, Oreothlypis crissalis, Colima Warbler
- Mesquiteparula, Oreothlypis luciae, Lucy's Warbler
- Bjørkeparula, Oreothlypis ruficapilla, Nashville Warbler
- Pinjeparula, Oreothlypis virginiae, Virginia's Warbler
Slekt Leucopeza
- Jernparula, Leucopeza semperi, Semper's Warbler, CR, Sclater, 1877
Slekt Oporornis
- Markparula, Oporornis agilis, Connecticut Warbler, LC, Wilson, 1812
Slekt Geothlypis
- Gråkronegulstrupe, Geothlypis poliocephala, Gray-crowned Yellowthroat, LC, Baird, 1865
- Tropegulstrupe, Geothlypis aequinoctialis, Masked Yellowthroat, LC, Gmelin, 1789
- Kjerrparula, Geothlypis tolmiei, MacGillivray's Warbler
- Svartbrystparula, Geothlypis philadelphia, Mourning Warbler
- Kentuckyparula, Geothlypis formosa, Kentucky Warbler
- Olivengulstrupe, Geothlypis semiflava, Olive-crowned Yellowthroat, LC, Sclater, 1861
- Aztekgulstrupe, Geothlypis speciosa, Black-polled Yellowthroat, EN, Sclater, 1859
- Bajagulstrupe, Geothlypis beldingi, Belding's Yellowthroat, EN, Ridgway, 1883
- Bahamasgulstrupe, Geothlypis rostrata, Bahama Yellowthroat, LC, Bryant, 1867
- Tamaulipasgulstrupe, Geothlypis flavovelata, Altamira Yellowthroat, VU, Ridgway, 1896
- Nordgulstrupe, Geothlypis trichas, Common Yellowthroat, LC, Linné, 1766
- Pedregalgulstrupe, Geothlypis nelsoni, Hooded Yellowthroat, LC, Richmond, 1900
Slekt Catharopeza
- Crescendoparula, Catharopeza bishopi, Whistling Warbler, EN, Lawrence, 1878
Slekt Setophaga
- Blyparula, Setophaga plumbea, Plumbeous Warbler
- Svartryggparula, Setophaga angelae, Elfin-woods Warbler
- Pilparula, Setophaga pharetra, Arrowhead Warbler
- Hetteparula, Setophaga citrina, Hooded Warbler
- Raudstjertparula, Setophaga ruticilla, American Redstart, LC, Linné, 1758
- Brannfeltparula, Setophaga kirtlandii, Kirtland's Warbler
- Brunkinnparula, Setophaga tigrina, Cape May Warbler
- Asurparula, Setophaga cerulea, Cerulean Warbler
- Stryparula, Setophaga americana, Northern Parula
- Eldparula, Setophaga pitiayumi, Tropical Parula
- Magnoliaparula, Setophaga magnolia, Magnolia Warbler
- Kastanjeparula, Setophaga castanea, Bay-breasted Warbler
- Hemlokkparula, Setophaga fusca, Blackburnian Warbler
- Gulparula, Setophaga petechia, Yellow Warbler
- Brunsideparula, Setophaga pensylvanica, Chestnut-sided Warbler
- Svarthetteparula, Setophaga striata, Blackpoll Warbler
- Blåparula, Setophaga caerulescens, Black-throated Blue Warbler
- Myrparula, Setophaga palmarum, Palm Warbler
- Olivenkroneparula, Setophaga pityophila, Olive-capped Warbler
- Furuparula, Setophaga pinus, Pine Warbler
- Myrteparula, Setophaga coronata, Yellow-rumped Warbler
- Gulstrupeparula, Setophaga dominica, Yellow-throated Warbler
- Bahamasparula, Setophaga flavescens, Bahama Warbler
- Caymanparula, Setophaga vitellina, Vitelline Warbler
- Buskparula, Setophaga discolor, Prairie Warbler
- Puertoricoparula, Setophaga adelaidae, Adelaide's Warbler
- Barbudaparula, Setophaga subita, Barbuda Warbler
- Saintluciaparula, Setophaga delicata, St. Lucia Warbler
- Ponderosaparula, Setophaga graciae, Grace's Warbler
- Gråparula, Setophaga nigrescens, Black-throated Gray Warbler
- Granparula, Setophaga townsendi, Townsend's Warbler
- Barnålparula, Setophaga occidentalis, Hermit Warbler
- Gulkinnparula, Setophaga chrysoparia, Golden-cheeked Warbler
- Grønparula, Setophaga virens, Black-throated Green Warbler
Slekt Basileuterus
- Vifteparula, Basileuterus lachrymosus, Fan-tailed Warbler, Bonaparte, 1850, (LC)
- Brunkroneparula, Basileuterus rufifrons, Rufous-capped Warbler, Swainson, 1838, (LC)
- Svartkinnparula, Basileuterus melanogenys, Black-cheeked Warbler, Baird, 1865, (LC)
- Pirreparula, Basileuterus ignotus, Pirre Warbler, Nelson, 1912, (VU)
- Gulbrynparula, Basileuterus belli, Golden-browed Warbler, Giraud, 1841, (LC)
- Gyllenkroneparula, Basileuterus culicivorus, Golden-crowned Warbler, Deppe, 1830, (LC)
- Costaricaparula, Basileuterus melanotis, Costa Rican WarblerLawrence, 1868
- Tacarcunaparula, Basileuterus tacarcunae, Tacarcuna WarblerChapman, 1924
- Stripehovudparula, Basileuterus tristriatus, Three-striped Warbler, Tschudi, 1844, (LC)
- Quechuaparula, Basileuterus trifasciatus, Three-banded Warbler, Taczanowski, 1881, (LC)
- Gråhovudparula, Basileuterus griseiceps, Gray-headed Warbler, Sclater & Salvin, 1869, (EN)
Slekt Myiothlypis
- Bambusparula, Myiothlypis basilica, Santa Marta Warbler, VU, Todd, 1913
- Andesparula, Myiothlypis luteoviridis, Citrine Warbler
- Kvitbrynparula, Myiothlypis leucophrys, White-striped Warbler
- Gulbukparula, Myiothlypis flaveola, Flavescent Warbler
- Paranáparula, Myiothlypis leucoblephara, White-browed Warbler
- Bergparula, Myiothlypis signata, Pale-legged Warbler
- Svartisseparula, Myiothlypis nigrocristata, Black-crested Warbler
- Kakiparula, Myiothlypis fulvicauda, Buff-rumped Warbler
- Flodparula, Myiothlypis rivularis, Riverbank Warbler
- Eldkroneparula, Myiothlypis bivittata, Two-banded Warbler
- Inkaparula, Myiothlypis chrysogaster, Golden-bellied Warbler
- Gråstrupeparula, Myiothlypis cinereicollis, Gray-throated Warbler
- Brilleparula, Myiothlypis conspicillata, White-lored Warbler
- Ecuadorparula, Myiothlypis fraseri, Gray-and-gold Warbler
- Rustkroneparula, Myiothlypis coronata, Russet-crowned Warbler
Slekt Cardellina
- Kanadaparula, Cardellina canadensis, Canada Warbler
- Kalottparula, Cardellina pusilla, Wilson's Warbler
- Rubinparula, Cardellina rubrifrons, Red-faced Warbler, LC, Giraud, 1841
- Raudparula, Cardellina rubra, Red Warbler
- Rosenparula, Cardellina versicolor, Pink-headed Warbler
Slekt Myioborus
- Kvitvengkvitstjert, Myioborus pictus, Painted Redstart, LC, Swainson, 1829
- Skiferkvitstjert, Myioborus miniatus, Slate-throated Redstart, LC, Swainson, 1827
- Brunkronekvitstjert, Myioborus brunniceps, Brown-capped Redstart, LC, Lafresnaye & D'Orbigny, 1837
- Tepuikvitstjert, Myioborus castaneocapilla, Tepui Redstart, LC, Cabanis, 1849
- Pariakvitstjert, Myioborus pariae, Paria Redstart, EN, Phelps & Phelps, 1949
- Guaiquinimakvitstjert, Myioborus cardonai, Saffron-breasted Redstart, NT, Zimmer & Phelps, 1945
- Kvitkinnkvitstjert, Myioborus albifacies, White-faced Redstart, LC, Phelps & Phelps, 1946
- Ringkvitstjert, Myioborus torquatus, Collared Redstart, LC, Baird, 1865
- Gulkronekvitstjert, Myioborus flavivertex, Yellow-crowned Redstart, LC, Salvin, 1887
- Gulpannekvitstjert, Myioborus ornatus, Golden-fronted Redstart, LC, Boissonneau, 1840
- Gulbrillekvitstjert, Myioborus melanocephalus, Spectacled Redstart, LC, Tschudi, 1844
- Kvitbrillekvitstjert, Myioborus albifrons, White-fronted Redstart, NT, Sclater & Salvin, 1871
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen New World warbler frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Curson, Quinn and Beadle, 1994. New World Warblers. 252 p. ISBN 0-7136-3932-6
- Lovette, I. J. and E. Bermingham. 2002. What is a wood-warbler? Molecular characterization of a monophyletic Parulidae. The Auk. 119(3): 695-714. PDF fulltext[daud lenkje]
- Referansar
- ↑ «parulaer» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 8. september 2019.
- ↑ Curson, J. & Bonan, A. (2019). New World Warblers (Parulidae). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 10. september 2019
- ↑ Frode Falkenberg 6. april 2006 Spør en ornitolog Innlegg på nettsida fuglevennen.no arkivert på web.archive.org. Henta 10. september
- ↑ 4,0 4,1 Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
- ↑ Avobase sjekkliste Europa. Henta 8. september 2019
- ↑ Rapport fra Norsk sjeldenhetskomité for fugl, 1996 Vår Fuglefauna Supplement nr. 3 (2000). Henta 8. september 2019
- ↑ Sjeldne fugler i Norge i 2003 - Rapport fra Norsk sjeldenhetskomité for fugl (NSKF) Ornis Norvegica 28: 4-50 2004. Henta 8. september 2019
- ↑ Lode, Sigmar (2020). «Klatreparula - ny art for Norge». Vår fuglefauna (Norsk Ornitologisk Forening) 43 (4): 252.
- ↑ Mo, Bjørn (2020). «Brunkinnparula - ny art for Norge». Vår fuglefauna (Norsk Ornitologisk Forening) 43 (4): 250–251.
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017
Bakgrunnsstoff
endre- New World warbler videos on the Internet Bird Collection
- Chasing Down Warblers National Geographic News story on seeing 30 warbler species in May
Bibliografi
endre- Dunn, Jon. 1997. A field guide to warblers of North America. Boston : Houghton Mifflin Co., x, 656 p. : ill. (some col.), col. maps ; 19 cm.
- Morse, Douglass H. 1989. American warblers : an ecological and behavioral perspective. Cambridge, Mass. : Harvard University Press, xii, 406 p. : ill., maps.
- Harrison, Hal H. 1984. Wood warblers’ world. New York : Simon and Schuster, 335 p., 24 p. of plates : ill. (some col.) ; 25 cm.