Fleirartsflokk
Ein fleirartsflokk,[1] blanda flokk[2] eller uformelt ei fuglebølgje, er ein fugleflokk av ulike artar, som samlar seg og flyttar saman frå stad til stad medan dei beiter.[3] Dei er vanlegvis insektetande fuglar. Dette fenomenet er ulikt frå samlingar av fleire fugleartar i eit avgrensa område med lokal høg næringstilgang.
Skildring
endreEin fleirartsflokk har typisk kjerneartar som synest å vere sentrale i danninga og i rørsler, medan dei som følgjer kjernen blir kalla deltakarar. Deltakarar har ein tendens til å slutte seg til fleirartsflokken berre når flokken kjem inn på territoriet deira.[4]
Det er ikkje godt kjent korleis slike flokkar kjem i gang. Men på Sri Lanka til dømes, kan imitering av læte frå dragedrongo ha ei sentral rolle i initiering av fleirartsflokkar,[5] i delar av tropisk Amerika kan støyande og beitande gyllenkroneparulaer spele den same rolla.[6] I tropiske skogar, kan fuglar som plukkar føde frå bladverket vere dei mest talrike artane i fleirartsflokkar.[7]
Ein typisk neotropisk fleirartsflokk rører seg gjennom skogen på ca. 300 meter i timen, der ulike artar beitar i sine føretrekte nisjar, på bakken, på trestammar, i høgt eller lågt lauvverk, osb. Nokre artar følgjer flokken heile dagen, medan andre, som spydknottsmett,[8] berre er med så lenge flokken kryssar territoriet hans.[9]
Føremonar
endreFleire evolusjonære mekanismar er foreslått for å forklare danninga av fleirartsflokkar. Desse er vanlegvis skildra i tilhøve til kostnader og fordeler for einskildindivid. Dei viktigaste føremonane som det har vore framlegg om er ein reduksjon i risiko for predasjon gjennom auka aktsemd, det vil seie fleire auge kan oppdage predatorar og gje ein alarm og dermed auka beiteeffektivitet.
I den nordre tempererte sona, er slike flokkar vanlegvis leidd av meiser, Paridae,[10] ofte saman med spettmeiser, Sittidae,[11] trekryparar, Certhiidae, hakkespettar, Picidae, slik som dunspett i Nord-Amerika og dvergspett i den palearktiske regionen,[12] fuglekongar, Regulus, og i Nord-Amerika parulaer, Parulidae[13] - alle insektetande fuglar. Dette fenomenet er spesielt utbreidd utanfor hekkesesongen.[10]
Av fuglar i Noreg er det vanleg at meiser dannar fleirartsflokkar, «meiseflokkar», etter hekkesesongen, og gjerne saman med andre artar av sporvefuglar.[14]
Kjelder
endre- Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå «Mixed-species foraging flock» frå Wikipedia på engelsk, den 29. april 2011 Nokre av referansane som artikkelen gav:
- Backhouse, Francis (2005): Chapter 7: Relationships with Other Species. In: Woodpeckers of North America. Firefly Books. ISBN 1-55407-046-5 HTML excerpt Arkivert 2007-10-10 ved Wayback Machine.
- Blume, Dieter & Winkler, Hans (2003): Woodpeckers. In: Perrins, Christopher (ed.): Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3
- Goodale, Eben & Kotagama, Sarath W. (2006): Vocal mimicry by a passerine bird attracts other species involved in mixed-species flocks. Animal Behaviour 72(2): 471–477. doi:10.1016/j.anbehav.2006.02.004 PDF fulltext Arkivert 2008-12-17 ved Wayback Machine.
- Graves, Gary R. & Gotelli, N.J. (1993) Assembly of avian mixed-species flocks in Amazonia. PNAS 90(4): 1388–1391. PDF fulltext
- Ehrlich, Paul R.; Dobkin, David S. & Wheye, Darryl (1988): Mixed-Species Flocking. Retrieved 2006-FEB-24.
- Machado, C.G. (1999): A composição dos bandos mistos de aves na Mata Atlântica da Serra de Paranapiacaba, no sudeste brasileiro [Mixed flocks of birds in Atlantic Rain Forest in Serra de Paranapiacaba, southeastern Brazil]. Revista Brasileira de Biologia 59(1): 75–85 [Portuguese with English abstract]. doi:10.1590/S0034-71081999000100010 PDF fulltext
- Matthysen, Erik & Löhrl, Hans (2003): Nuthatches. In: Perrins, Christopher (ed.): Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3
- Mead, Christopher J. (2003): Gnatcatchers. In: Perrins, Christopher (ed.): Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3
- Nuytemans, H. (1998): Notes on Philippine birds: interesting records from northern Luzon and Batan Island. Forktail 14: 39–42. PDF fulltext
- Olson, Storrs L. & Alvarenga, Herculano M.F. (2006): An extraordinary feeding assemblage of birds at a termite swarm in the Serra da Mantiqueira, São Paulo, Brazil. Revista Brasileira de Ornitologia 14(3): 297–299 [English with Portuguese abstract]. PDF fulltext
- Ragusa-Netto, J. (2000): Raptors and "campo-cerrado" bird mixed flock led by Cypsnagra hirundinacea (Emberizidae: Thraupinae). Revista Brasileira de Biologia 60(3): 461–467 [English with Portuguese abstract. doi:10.1590/S0034-71082000000300011 PDF fulltext
- Rice, Nathan H. & Hutson, A.M. (2003): Antbirds. In: Perrins, Christopher (ed.): Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3
- Thiollay, J.-M. (1999): Frequency of mixed species flocking in tropical forest birds and correlates of predation risk: An intertropical comparison. J. Avian Biol. 30(3): 271–281. HTML abstract and first page text
- Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7.
- Hume, Rob (2002). Damms store bok om fugler i Norden og Europa. N. W. Damm & Søn AS. ISBN 82-496-0599-3.
Referansar
endre- ↑ Nemning frå Svensson et al (1999)
- ↑ Nemning, alternativt frå Hume (2002)
- ↑ Graves & Gotelli (1993)
- ↑ Faaborg, John (1988) Ornithology: an ecological approach. Prentice Hall. pp. 219–221
- ↑ Goodale & Kotagama (2006)
- ↑ Machado (1999)
- ↑ Thiollay (1999)
- ↑ Mead (2003)
- ↑ Rice & Hutson (2003)
- ↑ 10,0 10,1 Ehrlich et al. (1988)
- ↑ Matthysen & Löhrl (2003)
- ↑ Blume & Winkler (2003)
- ↑ Backhouse (2005)
- ↑ Store norske leksikon på nett