Flesberg prestegard
59°51′55″N 9°26′02″E / 59.865327°N 9.434012°E
Flesberg prestegard ligg i åsen eit par hundre meter nord for Flesberg stavkyrkje. På prestegarden står fire bygningar som vart freda av Riksantikvaren i 1991: hovudbygning (frå 1823), kårstove (ca. 1730, flytta til prestegarden), stabbur for forpaktar og stabbur for prest (frå 1800-talet). Anlegget er rekna for å ha verdi som kyrkjeleg kulturminne.[1]
Vest for kyrkja er Galgehaugen, der det kan ha vore rettarstad og gravhaug.[2][3]
Fotnotar
endre- ↑ Opplysningsvesenets fond
- ↑ Middelalderuka i Numedal
- ↑ Buskerud fylkeskommune (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 19. juli 2013, henta 12. september 2017
Bakgrunnsstoff
endre- Opplysningsvesenets fond Arkivert 2018-09-04 ved Wayback Machine.
- Flesberg prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren