Fletcher ishaug
Fletcher ishaug eller Fletcher Promontory er ein stor ishaug, 160 km lang og 65 km brei, ved sørvestsida av Ronneisen i Antarktis. Haugen er heilt dekt av is og stig opp mellom Rutfordstraumen og Carlsonfjorden. Ishaugen vart observert, fotografert og grovt skissert av løytnant Ronald F. Carlson i US Navy under flyturen med eit C-130-fly 14.-15. desember 1961 frå McMurdo Sound til området i nærleiken og attende. Han vart kartlagt i detalj av U.S. Geological Survey frå Landsat-bilete frå 1973–74 og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Joseph O. Fletcher, direktør i Office of Polar Programs i National Science Foundation i 1971–74.[1]
Fletcher ishaug | |||
ishaug | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Filchner-Ronneisen | ||
- koordinatar | 78°20′S 81°0′W / 78.333°S 81.000°W | ||
Lengd | 160 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Fletcher ishaug 78°20′00″S 81°00′00″W / 78.3333°S 81°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Fletcher Ice Rise». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 18. desember 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fletcher ishaug» (innhald frå Geographic Names Information System).