Flora MacNeil

britisk songar

Flora MacNeil, MBE (6. desember 192815. mai 2015) var ein skotsk-gælisk folkesongar.[1] MacNeil blei kjend etter at ho møtte Alan Lomax og Hamish Henderson på byrjinga av 1950-talet, og heldt fram med å opptre resten av livet.

Flora MacNeil

Fødd6. desember 1928
FødestadLeideag
Død15. mai 2015 (86 år)
OpphavStorbritannia
Instrumentvokal
Verka somsongar
BornMaggie MacInnes
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen

Bakgrunn

endre

MacNeil var fødd i 1928 i ein gælisktalande, katolsk familie på småbruket til foreldra på Ledag i Castlebay på øya Barra, som er blitt kalla «øya reformasjonen aldri kom til». Det var songarar på begge sider av familien MacNeil, men mennene var ofte borte på sjøen i lange periodar, og dei lét kvinnene oppdra borna og ta vare på bruka. Det var vanleg å synga for å letta arbeidet. Mor til MacNeil var Ann Gillies. Far hennar, Seumas MacNeil, var fiskar, og døydde då Flora var 14.[2]

I denne tida før ein hadde radio og fjernsyn var det vanleg å mora seg med dansetilstellingar, ceildih, på Barra, og frå tidlegare barndom huska MacNeil seinare at ho «trekte inn» hundretals songar omtrent gjennom osmose. Medan MacNeil hadde mesteparten av repertoaret sitt frå mor si, var ei av andre kjeldene syskenbarnet til mora, Mary Johnstone.[2] Foreldra til Johnstone hadde budd lokalt, men var blitt forviste under Highland Clearances. Dei hadde fyrst flytta til Bernerary og deretter til Mingulay, før dottera deira flytta tilbake til staden ho stamma frå på Barra. I seinare år vitj Johnstone mor til Flora jamleg, og song ofte ved lokale tilstellingar. Derfor omfatta repertoaret til Flora også mange gæliske songar frå både Benerary og Mingulay.[3]

Musikalsk karriere

endre

Etter at far hennar var død, forlet 14 år gamal Flora skulen og tok arbeid hjå telefonsentrale på øya for å forsørgja familien. I 1949 gav postverket henne tilbod om ei stilling i Edinburgh, og ho flytta dit. Ryktet om talentet til MacNeil som gælisk songar hadde gått før henne, og ho blei omfamna av kommunistiske diktarar og folkesongpromotørar i byen som Hugh MacDiarmid, Hamish Henderson og Sorley MacLean.[2] Med deira hjelp fann ho ei offentleg scene i den blomstrande kulturen av ceilidha og konserter i Edinburgh som markerte byrjinga på gjenopplivinga av britiske folkemusikk. Sorley MacLean og Hamish Henderson arrangerte det òg slik at den amerikanske musikkforskaren Alan Lomax kunne møta MacNeil og spela inn songane hennar.[2] Lomax kom fyrst til Skottland i juni 1951, og hugsa seinare: «Det var i Edinburgh ein kveld i juni, i huset til diktaren Sorley MacLean, at Skottland verkeleg tok tak om meg. Ei blåaugd jente frå Hebridane song». Faren var Flora MacNeil og songen var «Cairistiona».[4]

Henderson inviterte òg MacNeil til å opptre ved Edinburgh Folk Festival Ceilidh i 1951. Ceilidh førte skotsk tradisjonsmusikk til ei stor offentleg scene for fyrste gong inne i Oddfellows Hall i Edinburgh, og heldt fram lenge etter i St. Columba's Church Hall i august 1951. Skotske gælisktlarar var representerte av Flora MacNeil, Calum Johnston so òg var frå Barra, og John Burgess. Musikken blei teken opp live på scena av Alan Lomax.[2] Under ceilidhen blei det framført to skotsk-gæliske songar om jakobittopprøret i 1745. Calum Johnston gav ei lidenskapleg framrføring av Alasdair Mac Mhaighstir Alasdair sin Òran Eile don Phrionnsa (‘Ein annan song til prinsen’).[5] Deretter framførte Flora MacNeil «Mo rùn geal òg», Christine Ferguson sin klagesong etter at mannen hennar, William Chisholm frå Strathglass, fall som ein del av den jakobittiske hæren medan han bar flagget til Clan Chisholm under slaget ved Culloden i 1746.[6]

Etter fleire Border ballads og songar av skotske reisandefolk, kunngjorde Henderson at konserten skulle tilbake til dei vestlege høglanda. Flora MacNeil framførte så valke-songen «Cò siod thall air stràid na h-eala?» (‘Kven er det der borte på Swan Road?)[7] MacNeil framførte så den gæliske klagesongen «Mo nighean donn bhòidheach» (‘Mi vakre brunhåra jente).[8]

I 1975 oppgav folkloristen Peter Kennedy MacNeil som kjelda til alle dei 24 skotsk-gæliske songane i boka hans Folksongs of Britain and Ireland.[9]

Flora MacNeil spelte inn to album, Craobh nan Ubhal (1976, gjenutgjeve i 1993) og Orain Floraidh, som kom ut i 2000.[2]

I 2005 blei Alan Lomax sine opptak av ceilidhen i 1951 gjeven ut på CD av Rounder Records. Dette og alle andre opptaka til Lomax er sidan blitt digitaliserte og gjort tilgjengelege på nettet av Association for Cultural Equity.[10]

Privatliv

endre

I 1955 gifta ho seg med ein mann frå Barra, Alister MacInnes, som arbeidde som advokat i Glasgow. Paret oppseda fem born der: Kenneth, Cairistiona, Seumas, Maggie og Donald.[2] Dottera Maggie MacInnes er òg ein tradisjonell gælisk songar og harpist.[2]

Flora MacNeil døydde etter ein kort sjukdom den 15. mai 2015, 86 år gamal.[2]

Kjelder

endre
  1. Brian Wilson. «Flora MacNeil obituary». Henta 21 May 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 «Flora MacNeil, the "Queen of Gaelic singers", dies at the age of 86». BBC News. 16. mai 2015. Henta 16. mai 2015. 
  3. Edited by Eberhard Bort (2011), 'Tis Sixty Years Since: The 1951 Edinburgh People's Festival Ceilidh and the Scottish Folk Revival, pages 75-80.
  4. Edited by Eberhard Bort (2011), 'Tis Sixty Years Since: The 1951 Edinburgh People's Festival Ceilidh and the Scottish Folk Revival, page 199.
  5. Edited by Eberhard Bort (2011), 'Tis Sixty Years Since: The 1951 Edinburgh People's Festival Ceilidh and the Scottish Folk Revival, pages 206–207.
  6. Edited by Eberhard Bort (2011), 'Tis Sixty Years Since: The 1951 Edinburgh People's Festival Ceilidh and the Scottish Folk Revival, pages 208-209.
  7. Edited by Eberhard Bort (2011), 'Tis Sixty Years Since: The 1951 Edinburgh People's Festival Ceilidh and the Scottish Folk Revival, pages 223-224.
  8. Edited by Eberhard Bort (2011), 'Tis Sixty Years Since: The 1951 Edinburgh People's Festival Ceilidh and the Scottish Folk Revival, pages 224–225.
  9. Edited by Peter Kennedy (1984), Folksongs of Britain and Ireland, Oak Publications. Pages 18–68.
  10. «MacNeil, Flora | Lomax Digital Archive» (på engelsk). Henta 24. september 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre