Mingulay (skotsk-gælisk Miughalaigh) er ei øy i Atlanterhavet, i Ytre Hebridane på vestkysten av Skottland. Mingulay er den nest største av Barra Isles, øyane sør for Barra. Mingulay er òg den nest sørlegaste av alle øyane i dei ytre Hebridane, berre Barra Head ligg lenger sør. Det høgaste punktet på Mingulay er Càrnan som er 279 meter over havet.

Mingulay
Lokalt namn Miughalaigh
Klippene vest på øya. Foto: Tony Kinghorn
Klippene vest på øya.
Foto: Tony Kinghorn
Geografi
Mingulay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°48′41″N 7°38′15″W / 56.811389°N 7.6375°W / 56.811389; -7.6375
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 6,40 km²

Høgaste punkt Càrnan (279 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Restane av det gamle skulehuset på Mingulay.
Foto: Paul Store

Mingulay har vore busett sidan jernalderen, men vart fråflytta i 1912. I dag vert øya nytta som utmarksbeite for sau.

Øya er kjent for sine hekkande sjøfuglar, særleg lundefugl, krykkje og alke.

Mingulay er i dag eigd av National Trust for Scotland.

Kjelder endre