Flotell er ei nemning på ei flytande, flyttbar innretning for innkvartering av menneske. Ordet er ei fornorsking av den engelske samansetjinga flotel for floating hotel, eller flytande hotell. Mest typisk vert omgrepet «flotell» nytta om flytande innretningar med større bustadeiniger som vert nytta offshore under utbygging av oljefelt eller ved produksjon av olje eller naturgass. Flotell som permanente innkvarteringsløysing er i ferd med å gå ut av bruk på norsk kontinentalsokkel. Talet på arbeidarar utaskjers er i ferd med å gå ned, og flotell vert mest nytta ved større vedlikehald. Eit flotell kan vera spesielt bygd for føremålet, det kan vera ein ombygd boreplattform, eller det kan vera ein vanleg boreplattform som mellombels vert nytta som flotell.

Statfjord A med flotellet Polymariner til venstre i biletet, fotografert i 1982

Eit mykje omtala flotell var den ombygde oljeplattforma «Alexander L. Kielland». Eit anna kjend flotell var den tidlegare innkvarteringseininga for Statfjord A, «Polymariner».

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.