«Alexander L. Kielland»
norsk oljeplattform
«Alexander L. Kielland» var eit flotell som vart nytta i samband med petroleumsutvinning på Ekofiskfeltet i Nordsjøen. Flotellet vart bygd som ein flytande halvt nedsenkbar boreplattform, men vart nytta som flotell. Plattforma vart bygd i Dunkerque i Frankrike i 1976. Ho vart kalla opp etter forfattaren Alexander Lange Kielland. Plattforma vart plassert på Ekofiskfeltet i Nordsjøen. Frå 1979 fungerte ho som tvillingplattform til oljeplattforma Edda 2/7 C på Eddafeltet. Den 27. mars 1980 velta «Alexander L. Kielland». I «Alexander L. Kielland»-ulukka omkom 123 av dei 212 som var om bord. Etter ei tid snudde ein plattforma att for å finna ut årsaka til ulukka.
Plattforma vart seinare, etter mykje strid, søkkt i Nedstrandfjorden.