Flow Motion
Studioalbum av Can
Utgjeve Oktober 1976
Innspelt Juni 1976
Sjanger Krautrock, reggae, funk
Lengd 37:37
Selskap Harvest, Virgin
Produsent Can
Can-kronologi
Unlimited Edition
(1976)
Flow Motion Saw Delight
(1977)


Flow Motion er det åttande studioalbumet til den tyske rockegruppa Can, gjeve ut i 1976. Det inneheld singelen «I Want More», som vart ein hit i Storbritannia. Albumet var det andre av tre album som Can spelte inn for Virgin Records.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Mange fans mislikte albumet sidan dei meinte gruppa prøvde å lage eit kommersielt album.[2]. Holger Czukay hadde byrja å syne ei interesse for reggae, og enkelte songane har ein snev av reggae i seg.

Fotografiet på plateomslaget vart teken av bandmedlemmen Michael Karoli.

MusikkEndra

Gjennom karrieren deira har Can alltid eksperimentert med forskjellige rytmar. Med Flow Motion vart bandet meir leiken, og la disco og reggae til denne lista.[3] Bortsett frå dei nye rytmane, gjorde 16-bandsopptakaraen at dei kunne spele inn fleire gitarlinjer frå Michael Karoli og klaversinstrumentet til Irmin Schmidt kom tydelgare fram, og gav ei meir skimrande og skinande atmosfæren ein finn over heile albumet.

Ei disco-stemning dominerer opningssporet «I Want More», som er kort, fengande og dansbar. Songen kom ut på singel og vart ein hit, og nådde 26. plassen på UK Singles Chart i august 1976.[4] Bandet framførte til og med songen på Top of the Pops.[5]

Reggae fyller det meste av resten av albumet, sjølv om Can eksperimenterer med rytmar og instrumentering, i staden for å spele det som vanleg. Eit døme på dette er «Cascade Waltz», som kombinerer ein reggae-rytme med ein vals, og på «Laugh Till You Cry, Live Till You Die», der gitaristen Karoli speler ein tyrkisk bağlama.

Etter ein reprise av opningssporet «...And More», som avsluttar side ein av dei originale vinylplata, opnar Can side to med «Babylonian Pearl», som kan minne om «Come Sta, La Luna» på Can-albumet Soon Over Babaluma. Songen vert sungen av Irmin Schmidt, og handlar om ei jente som «kjem frå eit land der kvinner er menn». Denne og alle dei andre tekstane på albumet var skrivne av Peter Gilmour, som var lydteknikaren til bandet på konsertane deira.

Den neste songen, den nedstemte «Smoke (E.F.S. Nr. 59)», er meir eksperimentell, med intens, etnisk tom-tom-driven rytmen av Jaki Liebezeit.

Eit anna eksperimentelt spor, den lange og uhemma «Flow Motion», avsluttar albumet.

Mottaking og innverknadEndra

Den meir tilgjengelege musikken på Flow Motion, og flørtinga med disco, gjorde at albumet ikkje vart godt motteke då det kom ut. Fansen likte ikkje å sjå bandet spele disco og mime og danse på Top of the Pops, særskild rockefansen som generelt hata disco i 1970-åra.[6]

Mykje av fansen meinte at Can hadde gått bort frå eksperimenteringa og nyskapinga,[7] medan artistar som Brian Eno og David Bowie, som hadde vore påverka av krautrock, tok dette inn i ei ny tid. Bowie sitt Station to Station kom ut same året som Flow Motion.

Flow Motion har derimot i seinare år av Magnet Magazine blitt omtalt som ein «løynd skatt» i 2012.[8]

InnhaldEndra

All tekst er skriven av Peter Gilmour; all_musikk er komponert av Can.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«I Want More»3:29
2.«Cascade Waltz»5:35
3.«Laugh Till You Cry, Live Till You Die»6:43
4.«...And More»2:43
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Babylonian Pearl»3:29
2.«Smoke (E.F.S. nr. 59)»5:15
3.«Flow Motion»10:23

MedverkandeEndra

  • Holger Czukay – bass, djin på «Smoke», korvokal på «I Want More», «…And More» og «Smoke"
  • Michael Karoli – gitarar, slidegitar, elektrisk fiolin på «Cascade Waltz», bağlama på «Laugh Until You Cry», bakgrunnsstøy på «Smoke», solovokal på «Cascade Waltz» og «Laugh Until You Cry», korvokal på «I Want More», «…And More» og «Flow Motion"
  • Jaki Liebezeit – trommer, perkusjon, korvokal på «I Want More», «…And More"
  • Irmin Schmidt – klaver, Alpha 77, solovokal på «Babylonian Pearl», korvokal på «I Want More» og «…And More"

Albumet vart produsert av Can, utanom «Cascade Waltz» som vart produsert av Can og Simon Puxley.

Albumet vart spelt inn i Inner Space Studio i Köln av Holger Czukay og Rene Tinner og miksa av Manfred Schunke ved Delta Akustisk Studio i Wilster i Tyskland.

KjelderEndra

  1. Mason, Stewart. "Can: Flow Motion > Review»Allmusic. Henta 7. mars 2013.
  2. Flow MotionAllmusic
  3. «Magnet Magazine». Magnet Magazine. Henta 26. juli 2020. 
  4. EveryHit.com
  5. «Can - I want more / ...and more (TOTP, Sept. 30,1976)». Henta 26. juli 2020. 
  6. «Why Did 70s Rock Music Hate Disco So Much?». Noisey. Henta 26. juli 2020. 
  7. «George Starostin's Reviews». Henta 26. juli 2020. 
  8. «Magnet Magazine». Magnet Magazine. Henta 26. juli 2020.