Opna hovudmenyen

Michael Karoli (29. april 194817. november 2001) var ein tysk gitarist, fiolinist og komponist. Han er mest kjend som ein av medlemmane som starta krautrockbandet Can.

Michael Karoli
Fødd29. april 1948
FødestadEssen
Død17. november 2001
DødsstadEssen
OpphavTyskland
SjangerKrautrock
Instrumentgitar, fiolin
Verka somfiolinist, komponist, gitarist

Michael Karoli vart fødd og voks opp i Straubing i Bayern, og flytte til St. Gallen i Sveits til han var ferdig på skulen. Han lærte å spele gitar, fiolin og cello som barn, og spelte i fleire jazz- og danseband. I 1966 møtte han og vart ven med Holger Czukay, som var gitarlæraren hans ei stund. Han byrja så å studere juss, men slutta i 1968 for å starte Can i lag med Czukay, Irmin Schmidt, Jaki Liebezeit og David Johnson. Hovudrolla hans i band var som gitarist, men han spelte òg stundom fiolin, og seinare song han òg noko. Han var medlem av bandet så lenge det varte, frå 1968 til 1979. Han var òg med på gjenforeiningane i 1986 og 1991.

Karoli døydde i 2001 i Essen i Tyskland etter lang tids kamp mot kreft, 53 år gammal.

DiskografiEndra

Solo:

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra