I Want More av Can

I Want More
Singel av Can
frå albumet Flow Motion
Utgjeve 1976
Innspelt Inner Space Studio, Köln
Sjanger Krautrock, disco
Lengd 3:37
Selskap Virgin Records
Låtskrivar(ar) Can, Peter Gilmour
Produsent Can

«I Want More» er ein song av Can frå 1976 på albumet Flow Motion. Alle medlemmane i bandet syng på songen, noko som var uvanleg for Can. Songen er karaktersistisk for åra dei var på Virgin Records, med tekst skriven av Peter Gilmour.

Det vart den einaste hitten deira i Storbritannia, og som følgje av dette fekk dei framføre songen på Top of the Pops, der Czukay spelte kontrabass. Songen nådde 26. plass på den britiske singellista i august 1976.[1]

Songen «...And More», òg frå Flow Motion, repeterer refrenget på dette sporet, og vart B-side til singelen. Singelen vart gjeve ut på ny i 2006 i samband med 30-årsjubileet til Spoon Records og nådde då 103. plass på den britiske singellista.

Andre versjonar endre

Songen vart spelt inn av det australske bandet GBVG i 1998 og vart ein liten hit.

Andre som har spelt inn songen er Fini Tribe med Chris Connelly på vokal, den italienske discogruppa Galaxis i 1978 og Richard H. Kirk (frå Cabaret Voltaire) på Earlier/Later - Unreleased Projects Anthology 74-89.

Kjelder endre